Noko å feire!

Share
Foto: Geir Daasvatn

Eg er ikkje sikker på om Evje og Hornnes kommune har kontroll på at det er hundreårsjubileum for Røyrtveit naturreservat i år. Denne skogen på heia ved Gautestadvegen var det første området som vart verna i Aust-Agder. Det skjedde 21. juli 1917. Teigen er bare 49 mål.

Sjølv oppdaga eg det då eg vart med i ein konkurranse om å skrive om verneområde i Norge på Wikipedia. Eg tenkte at eg kunne skrive om dei verneområda som finst i Setesdal, og på Setesdalswiki fann eg at Geir Daasvatn hadde skrive om verneområda i Evje og Hornnes kommune.  Nå kunne eg ikkje skrive akkurat det same på Wikipedia, så eg måtte granske kjeldene litt, og då fann eg at dette området var eit av dei få som ikkje hadde formelt vernevedtak hos lovdata, truleg skuldast det at vernet var så gammalt at slike vedtak ikkje var heilt formaliserte på den tida. Det aller eldste vernevedtaket i landet gjeld Bøkeskogen i Larvik.

Geir hadde funne ei utgreiing om Røyrtveitåsen som amanuensis Anders Danielsen gjorde i 1949. Den synte han til i artikkelen på Setesdalswiki. Då eg leita, fann eg også utgreiinga, den var så interessant at eg kopierte den og la den inn på Setesdalswiki. Danielsen fortel at han fann tre med tverrmål som tømmeret i Rygnestadloftet, noko ein elles ikkje lenger finn i distriktet. Slik sett har ein i området teke vare på noko av urskogen frå farne tider.

Så kjem spørsmålet frå starten tilbake: Planlegg Evje og Hornnes kommune ei storstilt markering av dette hundreårsjubileet? Om eg framleis hadde laga program i Valle Radio, ville nok det vore eit spørsmål eg hadde stilt ordfører Bjørn Ropstad i ein telefonsamtale snarast råd.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *