Juni 2017

Share
Foto: Gunbjørg Sola

Så er det blitt sommar på kalenderen og sommar i naturen, i alle fall om ein ser på grøne skogar der det før var lauvfritt eller blømande enger der graset var brunt.

Eg har hatt pause frå bloggen nokre dagar og også vore lite aktiv på Setesdalswiki. Grunnen er ei skulder som ikkje likar når eg er på tastaturet. For ein som til vanleg har nokre timar på tastaturet kvar dag, er det litt rart. Men eg vonar det går over om eg tek det roleg ei stund.

Her er programmet for Valle Radio i kveld:

Tysdag 6. juni
Ansvarleg og teknikar: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret med Asbjørn Kvalbein
18.15 Over ein open Bibel med Eivind Jåtun

18.30 Skulehuset på Tveit i Bygland 100 år med Gry Tveit
19.00 Folkemusikkhalvtime med Astrid Rysstad
19.30 Steinar Kyrvestad med nytt frå Valle  kommune
20.00 Leiv Rygg med nytt frå Bygland kommune
20.30 Postludium med Niklos K. Besteland
21.00 Kyrkjebakken