Har myrer nokon verdi?

Share
Kyrelitjønn naturreservat midt på biletet. Foto: Reidar Tveito

I ein skrivekonkurranse på Wikipedia om verneområde i Norge kom eg over naturreservat i Setesdal. Om du slår opp på artikkelen om verneområder i Aust-Agder på Wikipedia, vil du sjå at det er artiklar om alle i Setesdal, men elles er det nokså tynt. Då er det helst artiklar om myrer rundt om i fylket. Det skuldast at eg vart oppteken av dette emnet i konkurransen og fann ut at eg ville skrive om Verneplan for myr i Aust-Agder.

Etter kvart har eg fått Foredrag til kongeleg resolusjon om verneplan for myr i Aust-Agder og sett korleis handsaminga var før planen vart vedteken i 1986.

Mest alle myrene hadde hatt besøk av Asbjørn Moen, biolog frå NTNU Vitenskapsmuseet i forkant av fredninga. Men eg kan ikkje finne at han var på Kyrelitjønn naturreservat i Valle og lurer på kvifor dette vart verna utan at han hadde vore der. Er det nokon som veit det?

Etter å ha lese meir om dette emnet, skjønar eg at myrer vert verna. Dei ser ikkje alltid ut til å vere så viktige, men etter kvart har vi funne ut at dei er det og at vi må ta vare på dei og ikkje dyrke opp alt som dyrkast kan, sjølv om det kan vere fristande.