Det vart intererssant

Share

Det vart interessant i Valle Radio i går kveld. Siri Johannessen hadde fått med seg gode folk til å snakke om interessante tema, anten det handla om teltmøta på Evje som starta i kveld, om sentrumsfrukosten i Valle neste laurdag eller om arbeidet mot sjølvmord og depresjon som er tidlaust.

For meg var det nok det siste temaet som vart mest interessant. Der hadde Astrid Nomeland fått med seg kommunepsykolog Silje Nesvåg til å fortelje om arbeidet med psykisk helse i Valle og Bykle, og dei hadde nettopp vore på kurs, og då fekk vi høyre litt om kva dei var opptekne av på kurset. Dei hadde hatt rollespel, mellom anna, og kurset var både for dei profesjonelle og dei som står i utkanten og er engasjerte på ulike måtar, mellom anne gjennom kommunale kriseteam. Det var slik Astrid var med i opplegget.

Astrid fortalde også om å vere med i Kirkens SOS, der ho har vakter i Kristiansand. Dei får telefonar frå heile landet, for det sit folk på sentra rundt om i landet, og telefonane vert styrt til den som er ledig. Ein treng ikkje vere truande for å ringe, men om ein vil ha forbøn, så får ein det, om ein vil ha ein å snakke med fordi ein er einsam, så får ein det.

Silje fortalde også at om det var akutt, så er det legevakta som har vakttelefon også for slike spørsmål, ikkje bare for fysiske plager. -Tenk om vi kunne kome dit at også psykisk helse var lov å snakke om som andre sjukdomar, sa Astrid. På dagtid kan ein ringe direkte til telefonen for psykisk helsehjelp, då treng ein ikkje gå via lege.

Viktig tema, eit tema vi snakkar alt for lite om. Takk for at de tok det opp i Valle Radio. Og takk for ein fin samtale.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *