I morgon blir det ein interessant kveld i Valle Radio. Den første delen av kvelden har Siri Johannessen fått med seg Tor Ingvald Lauvrak i studio. Han er ein av talarane på teltmøta som startar på jordet i Krossen på Evje onsdag. Han kombinerer arbeid som predikant om vinteren med å vere trailersjåfør om sommaren og skal først halde andakt og deretter ha ein prat med Siri der han nok vil fortelje om teltmøta, men også om andre ting. Han har vore med på desse møta som Ungdom i Indre Agder står for heilt sidan dei starta i 2010.
Etter at han er ferdig, kjem Ørnulf Hasla i studio for å fortelje om sentrumsfrukosten i Valle laurdag 24. juni. Det er ei storhending som samlar mykje folk.
Når klokka blir halv åtte kjem så Astrid Nomeland i studio og skal ha ein times program om å leve og overleve. Astrid har hatt ein variert arbeidsdag med ulike oppgåver i Valle kommune, men tok ut AFP då ho vart 62 for å kunne halde på med alt ho er engasjert i på heiltid. Ho er leiar i soknerådet og har vore sterkt engasjert i organisasjonen Leve. Ho har med seg kommunepsykolog Silje Marie Rygnestad Nesvåg denne kvelden.
Som vanleg blir tysdagskvelden avslutta med Postludium og Kyrkjebakken, denne kvelden er det Siri som finn musikken til Postludium.
Tysdag 13. juni
Ansvarleg og teknikar: Siri Johannessen
NETTRADIO via http://www.valleradio.com