Variert og interessant

Share

Eg veit ikkje om du høyrde på Valle Radio tysdagskvelden, men om du ikkje gjorde det, gjekk du glipp av eit variert og interessant program. All honnør til Siri Johannessen som hadde funne fram til folk som var flinke til å snakke i radioen og hadde interessante tema å fortelje om.

Den første halvtimen var det kåseri ved Asbjørn Kvalbein og andakt ved Eivind Jåtun. Utan hjelpa som Norea Mediemisjon gjev til lokalradioar, hadde det vore mykje vanskelegare å dekke dette stoffet, og begge to er gode formidlarar. Sjølv om han er blitt pensjonist, er Noreapastoren Asbjørn Kvalbein framleis aktiv med gode innspel for radiolyttarar.

Eg vil vel seie at sjølv om dei andre gjestene i Valle Radio denne kvelden var gode, var det samtalen med Gry Tveit som gav meg mest ny informasjon, for jobben ho har gjort for Tveit skule visste eg ikkje noko om før. No fekk eg vite om facebooksida, om arbeidet med å pusse opp bygningen til å bli grendehus for Nordre Bygland og om 100-årsjubileet som skal feirast. Det er ein innsats det står respekt av, ho og mannen Bjørn overtok ein bygning som kommunen hadde vedteke å rive, og no tek ho vare på minner for mange som gjekk på skulen der og samlar lokalhistorisk stoff. Bjørn Tveit døydde i 2014 og fekk ikkje fullføre renoveringsarbeidet, men ho fullfører det .

Etter at telefonsamtalen med Gry Tveit var slutt, kom Astri Rysstad i studio for å fortelje om arbeidet med søknaden om å få setesdalskulturen som immateriell kulturarv på UNESCO si liste. Ho er leiar i Setesdal spelemannslag og sjølv om ho hadde det travelt, det var siste dagen på jobb for henne dagen etter at ho var i radioen, tok ho seg god tid og fortalde om både dette og andre tema som ho var oppteken av. Det var ein interessant halvtime, Astri verka til å trivast i studio.

Samtalane med ordførarane Steinar Kyrvestad og Leiv Rygg dekka tema dei var opptekne av i kvar sine kommunar. Mangt av det dei snakka om hadde eg også fått med meg gjennom Setesdølen, så der var ikkje innslaga like nyhetsprega, men det var fint å høyre dei og ikkje bare lese om det dei er opptekne av. Steinar gledde seg over at det også for 2016 var overskot på rekneskapen, og Leiv var oppteken av at det hadde vore befaring på Hovatn Aust-prosjektet frå sentrale styresmakter.

Kvelden vart runda av med eit pinseprogram med Niklos K. Besteland der han presenterte pinsesalma Kom hellig Ånd med skapermakt i ulike innspelingar. Deretter var det som vanleg kyrkjebakken til slutt, og der dukka sanneleg Leonhard Jansen opp med invitasjon til opninga av utstillinga om Langeidsverdet.

Siri held fram med sending utover i juni, så om du har høve til å høyre på Valle Radio tysdagskveldane, vil det sikkert kome meir interessant også framover. Det skjer mykje i bygdene i Setesdal også i sommar, så det at Siri ikkje tek sommarferie er ein rikdom for både radioen og bygdefolk. Takk for ein interessant og variert kveld.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *