88000

Share

Då Setesdalswiki starta, var Setesdal dekningsområde for leksikonet. Men ettersom tida har gått, har det nok utvikla seg til å bli aktuelt å skrive om tema frå heile Indre Agder. Dels har det å gjere med at avisa Setesdølen har utvikla seg i den retningen. Dels har det å gjere med at folk i Setesdal har nettverk i heile Indre Agder, ikkje bare i Setesdal. Difor var det ikkje unaturleg at artikkel nr. 88 000 ikkje kom frå Setesdal, men handla om Seland (Konsmo), garden der det skal vere auksjon i morgon og sundag. Garden og auksjonen var omtalt på framsida i Setesdølen nr. 50, 2017. Vi har altså runda eit nytt tusental i dag. Geir Daasvatn skreiv artikkelen. Vi brukte vel sju månader på desse tusen nye artiklane, forrige tusental, 87 000 runda vi 17. januar 2017. I fjor klarte vi 1750 artiklar på eitt år. Om vi klarer meir i år, står att å sjå. Men det er nok å skrive om.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *