Aktiv sommar

Share

Eg prøver å vere litt aktiv med skriving i sommar, men ulike ting kjem i vegen, så i dag har eg ikkje skrive noko på Setesdalswiki. Om du ser på artiklane eg nemnde i bloggen i går, ser du at eg prøver å få med artiklar om dei som skal delta på Setesdalsfestivalen 2017 som musikarar eller med innlegg. Det er grunnen til at vi fekk ein artikkel om Sveinung Apeland.

I morgon spelar Troels Brøgger Hansen i Valle kyrkje, så ein artikkel om han er også greitt å få på plass, og i dagane som kjem vonar eg å finne stoff om fleire av dei som skal spele på Setesdalsfestivalen.

Geir er aktiv på tur i sommar, og dermed har det blitt artiklar om ei rekke vegar og plassar rundt om i Setesdal. For meg som sit i Mandal, er det litt verre å dekke stader eg besøker no. Og då eg budde i Setesdal, var eg ikkje flink til å dra ut og dekke plassar ved sjølvsyn. Men leksikonet vart ikkje laga på eit år, det har eit langsiktig perspektiv.

Kunne du tenke deg å vere med? Er det noko du saknar. Registrer deg og skriv sjølv, det er enklaste måten å få på plass stoff.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *