Døde lenker

Share

I samband med skriving av artiklar om folka som deltok på Landeskogen Litteraturfest, støytte eg på fleire døde lenker. Det er jo blitt ein vane at stoff i nettleksika skal ha kjelder, og då er det mange som legg lenker til andre nettstader, slik at ein kan lese om temaet der.

Problemet med døde lenker er også noko Setesdalswiki opplever. Difor spurde eg Helge Haugland om han hadde eit program som kunne leite opp døde lenker på Setesdalswiki så vi kunne gå gjennom og fikse nokre av dei. Det er ein kjedeleg jobb, men vi vil jo gjerne at brukarane skal ha ei god oppleving hos oss.

I går kveld fekk eg ei ladning med døde lenker og i dag tok eg til med å fikse nokre av desse. Det er to måter å fikse på, den eine er å fjerne ei død lenke, den andre er å finne ei som verkar. Det første er enkelt, men det siste er meir krevjande, ikkje minst når det gjeld tid.

Det slo meg at lenker til kalenderane på kommunane sine heimesider ikkje er gode kjelder, for når datoen er over, verkar det som om dei blir borte, og dermed er dei dårlege kjelder over tid. Kommunane i Setesdal har også endra nettsidene sine, noko som mellom anna har ført til at lenker til eldre saksutgreiingar og protokollar ikkje lenger verker. Søk etter dei nye lenkene var heller ikkje særleg gjevande, så om ein er på leiting etter informasjon som er meir enn tre-fire år gammal, må ein nok vende seg til kommunen for å få det.

Så langt er det særleg kommunale lenker som har vore døde lenker på Setesdalswiki. Her bør kommunane etter mi meining legge seg på ei anna linje i framtida, for også informasjon om kulturarrangement i kommunen treng ikkje vere ferskvare som går ut på dato når arrangementa har vore.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *