Harry Potters bursdag

Share

I dag har vi feira Harry Potters bursdag. Han er 37 år i dag, jamngammal med sonen vår Sigmund Haugland.

Kjøkkenalvane Reidun Haugland og Kristine Lyckander fiksa kake og smørøl til festen, som vart halden klokka 21.30.

Framleis er eg mett og full av sukker, for det var ein søtare fest enn ein kunne tenke seg på førehand.

Harry Potter-bøkene har vore ferielektyre for Kristine, no på engelsek etter at ho tidlegare har studert dei grundig på norsk. Ho og søskena har sett filmane mange gonger, så dei er rimeleg godt kjende med alt som gjeld trollmannen og vennene hans.

Sjølv har eg også hatt glede av å lese bøkene, eg valde den engelske varianten og har ikkje unna meg den norske.

Det var difor eit ganske så kompetent selskap som song bursdagssangen for han i dag.

Kjøkkenalven Kristine i arbeid.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *