Heimlengsel

Share
Foto: Valle Aktiv

Då eg var lærar for flyktningar som skulle lære norsk i Valle, hende det at vi kom inn på heimlengsel, men det var helst eit vanskeleg tema der dei strevde med å lære eit framand språk i eit land dei på ingen måte kjende seg heime i. Krig og uro hadde ført dei bort frå heimlandet. Når vi snakka om det, var det saknet etter familie og vener som var i fokus, meir enn saknet av natur.

I går skreiv eg inn Setesdølen for 20. juni. Eg hadde kome litt på etterskot då vi var austover ein tur og var opptekne med andre ting. I den avisa var det ein dødsannonse. Det var Åsta Linn frå Follebu. Jentenamnet hennar var Skarberg, og då eg slo opp i Heimar og folk i Bykle, fann eg både henne og familien og kunne skrive artiklar om foreldrene hennar også. Sonen Kurt Ole Linn var også omtalt litt meir enn vanleg i og med at han skreiv hovudoppgåve om kraftutbygging i Bykle då han tok hovudfag i historie. Dermed ville eg lage eg ein artikkel om han også, så eg googla litt, som det heiter i dag.

Då kom eg over kronikken Lengselen heimatt som han skreiv i Aftenposten i 2010. Det var den som minna meg på det eg skreiv i første avsnittet. Men han flytter heimlengten frå innvandrarar til mor si og fortel om korleis ho lengta heimatt i alle dei åra ho budde på småbruket der aust: Hver sommer kom lengselen over henne: Hun måtte heimatt for å se de stupbratte, blankskurte fjellsidene, møte folk hun visste hvem var, folk som kjente henne. Heimatt til et sted der hun ikke bare var «kjerringa has Sigurd». (…) Hun savnet fårekjøttet der hun dag ut og dag inn serverte medisterpølser og svinestek. 

Kurt Ole Linn syner så dette ved å fortelje om mora til ein svensk-tyrkisk forfatter. Ho lengta heile livet tilbake til Tyrkia, men kom ikkje dit før ho døydde, då kom ho tilbake til heimlandet i ei kiste. . Åsta Linn sa også at ho ville bli gravlagd i Bykle, det var først dei siste åra ho endra meining, etter 50 år.

Lengselen heimatt er sterk for både nordmenn, ikkje minst sørlendingar og utlendingar. Men så må ein finne eit kompromiss og kan hende gjere det beste ut av situasjonen.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *