Landeskogen Litteraturfest

Share

Torsdag 13. juli vert Landeskogen Litteraturfest arrangert for 3. gong. I samband med arrangementet har eg laga artiklar på Setesdalswiki om fleire av forfattarane som deltek.

Det er jo mogleg å finne artiklar om dei på Wikipedia, artiklane der har vore kjelder for mine artiklar. Kvifor skal dei då få artiklar på Setesdalswiki?

Før har eg gjerne  bare laga omdirigering til Wikipedia, men eg har funne ut at utan eigne artiklar på Setesdalswiki, får ein ikkje markert at dei har vore på arrangement i Setesdal. Det er dumt, synest eg, så då tek eg heller jobben med å skrive artiklar.

Fleire av artiklane manglar bilete, og eg skulle gjerne vore på arrangementet for å ta bilete av dei folka som ikkje har bilete. Men det høver ikkje for meg å delta i år heller, så det får bli med tanken, om då ikkje nokon eg kjenner kan delta og få ta bilete.

Her er artiklane:

Vonleg får eg skrive dei siste tre i morgon. Lukke til med arrangementet!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *