Relevans

Share

På Wikipedia diskuterer dei mykje om relevans når det gjeld stoffet som folk vil skrive inn. På Setesdalswiki er det ikkje slike diskusjonar. Det skuldast nok at då måtte eg diskutere med meg sjølv, vi er ikkje så mange som skriv. Dermed kan eg ta diskusjonane i eigne tankar, men i kveld deler eg litt av det eg tenkjer med deg som les bloggen.

Setesdalswik handlar for det meste om folk og tilhøve i Setesdal og Indre Agder. Men av og til dukkar det opp tema som det kan vere naturleg å lage artiklar om som ligg utanfor det som fell i desse kategoriane. Det kan skuldast at ein eller annan person har vore med på eit arrangement eller i Valle Radio, og så fann eg det naturleg å skrive litt om vedkomande.

På Wikipedia har dei strenge relevanskriteriar der dei som skal omtalast må ha nasjonal interesse. Det fører til at det er mange som fell utanfor, sjølv om dei kan vere interessante å vite noko om. Difor har eg nok tidvis opna for å ha litt anna perspektiv på slike kriterier på Setesdalswiki, for Google finn dei når det er ein leksikonartikkel, same kor den står.

Etter mi meining er det trong for eit leksikon med litt mindre strenge relevanskrav enn wikipedia, så om nokon har noko å skrive om som ikkje høver der, så kan det høve på Setesdalswiki. Det gjer tilfanget av informasjon noko høgare totalt sett.

Og framleis ønskjer eg at fleire kunne bli med i dugnaden.