Svelefangst

Share

Dei legendariske svelene på ferjene på Vestlandet glimra med sitt fravær på dei første ferjene på turen vår til Vestlandet. Eg hadde tenkt å kjøre austsida av Sørfjorden frå Odda, men det var skilting med at vegen kunne bli stengt på grunn av vegarbeid i periodar. Så sjølv om det var laurdag, tok vi ikkje sjansen, dermed fekk vi bare sjå Hardangerbrua på avstand og ikkje oppleve å køyre over den.

I staden vart det køkjøing frå Kvanndal til Granvin og vidare nordover til Voss.

-Kan hende det går som då vi var på tur sist? undra eg. Då vart det pizza på Dolly Dimple på Voss om eg minnest rett. I staden vart det ein liten matpakke på YX før vi tok fatt på Vikafjellet. Der hamna vi bak ein buss og måtte konstatere at turistsesongen sine skulderperiodar nok ikkje startar før i september. Heldigvis ville dei få med seg utsikten mot Vik på toppen, men i staden hamna vi bak ein varebil som heller brukte bremsene enn motoren til å bremse med nedover bakkane, så etter kvart lukta det ganske svidd. Han stoppa heldigvis i Vik medan vi bare tok turen direkte ut til Vangsnes.

Der var det ei søt jente som hadde sommarjobb med å tilby bringebær til turistar, så vi korta ventetida med ei korg. Det fine med å ete bringebær i høve til jordbær er at dei er ferdig renska. Ikkje var det makk heller, men morelleseljarar som i Hardanger såg vi ikkje når vi kom lenger nord. Ettersom morelletilboda var før ei ferje for oss, og ettersom den som har kjørt på veg til ei ferje og blitt for sein litt for mange gonger, helst ikkje vil bli det igjen, så stoppa vi ikkje for moreller denne gongen. Kan hende er det moreller å finne når vi set kursen mot sør att.

Om det hadde vore sveler på den ferja, hadde vi nok handla, for etter kvart tok vi til å bli svoltne. Men det var knapt kaffe, ingen servering, bare ei kanne der ein kunne servere seg sjølv og legge pengar i ein boks.

-I Sogndal er det sikkert hotell og mat å få, tenkte eg. Ettersom ein på ein tur som denne ikkje veit kor langt ein kjem og kva tid ein kjem fram, hadde vi ikkje bestilt på førehand. Men om vi ville overnatte i saftbygda, måtte vi nok ha bestilt på førehand, for hotellappen hadde ingen ledige rom før 17. august, og telefon til eitt av hotella hadde same svaret. Andre telefonar kom ikkje gjennom, så etter ei viss rådslagning la vi turen mot Skei i Jølster.

Vel framme ved Thon Hotel Skei sa Reidun at ho ville inn og spørje. Eg var helst pessimistisk, det stod ein buss og parkeringsplassen var temmeleg full. Men ho fekk siste rommet dei hadde denne laurdagskvelden. Då vi kom i restauranten, var det buffet eller a la carte, og buffeten var så innbydande at vi valde den før vi stappmette gjekk til sengs med utsikt over Jølstravatnet.

Etter ein frukost som ikkje var mindre rikhaldig, med speilegg og bacon og alt kva norske og internasjonale ganer måtte ønske, gjekk turen mot Nordfjordeid. Starten var turr, turen var dyvåt, men sola skein på Anda ferjekai. Vi hamna bak ein bil med folk som truleg skulle i barnedåp, dei svinga av ved kyrkja i Nordfjordeid om lag 10.30, mannen i dress og kona i bunad.

Her er det sveler, sa eg då vi kom ombord på ferja. -Nei, eg har ikkje lyst på svele no, sa Reidun, -vi har jo nettopp spist frokost. I grunnen var eg enig, målet med turen var jo ikkje å teste alle svelene vi kunne finne, så det kom sikkert nye tilbod.

Frå Volda til Sulaferja opplevde eg å ligge bakerst i køen. På ferja til Volda hamna vi oppe på rampen med god utsikt, men då vi kom av, synte det seg at det var eit venstrefelt mot Ålesund og eit felt andre vegen. Vi hamna i høgre felt og måtte dermed sjå alle som ville til Ålesund kjøre før vi kom oss over i rett felt. Å prøve å kjøre forbi ein heil ferjekø er ikkje godt for helsa, så eg tok ikkje sjansen. Ikkje hadde eg lyst til å treffe ein haug med andre ferjepassasjerar skulande på ein PX-bil heller, så eg tok ein heimelaga sang: Jeg ligger bakerst i køen.

Vel framme var det endeleg tid for sveler. Ei med brun ost og ei med smørkrem. Vi delte, tok ei halv kvar, så fekk vi smake den legendariske retten i to ulike variantar. Begge var gode, kva på sitt vis. Dei hadde sikkert vore betre med kaffe til, men vi tok dei turre, i bilen. Så var vi klare til siste strekket mot Valderhaug der Sigmund og Margaret for ein månad sidan kjøpte hus like ved kyrkja der ho er organist.