-I år er eg bortreist på bursdagen min, så det vert ikkje noko selskap.
Dette var svaret mitt når slekta spurde om korleis eg skulle feire 70-årsdagen. Svært mange av slekta likar åremålsdagar, dei er fine høve til å kom saman og møtast. Difor var det ikkje alle som likte svaret mitt.
Men slik vart det. Du som les bloggen veit at bortreist på dagen i mitt tilfelle betyr at eg ikkje er heime i Mandal, men er på Valderøy ved Ålesund, der yngste sonen vår, Sigmund, bur med familien sin. Dei hadde bruk for litt hjelp til barnevakt akkurat denne veka før barnehagen kom ordentleg i gang, og det sa vi ja til.
I våre dagar er det blitt facebook som er den sosiale møteplassen for å sende bursdagshelsingar. Ut over dagen i dag strøymde dei inn på tidslinja mi frå slekt og vener i nord og sør. Det har vore hyggeleg å lese og mange tankar har gått tilbake til vener og kjende etter kvart som helsingane dukka opp.
Ei av helsingane minna meg om at eg har laga melodi til ein sang. Vi song den i koret på Hadsel Folkehøyskole, det er nærare 40 år sidan. Diktet stod i ei bok av Flora Larsson, Et øyeblikk, Herre:
I dag synger mitt hjerte, Herre.