Brukt og nyttig

Share

Her på Valderhaugstrand har eg fleire gonger kjørt forbi eit hus med skiltet Brukt og Nyttig. Eg likar bruktbutikkar, for der kan eg ofte finne ei bok eller to til ein rimeleg pris. Difor googla eg litt og fann ut at dei hadde ope tysdag, torsdag og laurdag, og i dag var det torsdag, så eg tok turen innom for å sjå om eg fann noko.

For tida er eg ikkje i roman-modus, då kunne eg teke med meg mykje. I staden spurde eg etter lokalhistorie. Det var ikkje noko tilfang av lokalhistorie generelt, sa dei, men eg måtte gjerne sjå litt sjølv.

Brukt og nyttig-butikken er det Sunnmøre Indremisjon som driv, så eg vart ikkje særleg overraska då eg fann Sunnmøre Indremisjon 100 år med ordet om korset. I tillegg fann eg Indremisjon i ei ny tid. Det vestlandske indremisjonsforbund 75 år. Den kom ut i 1973 og då var eg redaktør av Fiskerens Venn og heldt til i Bergen, så der var det mange kjende. Endeleg fann eg Kjell Furnes: Sunnmørsk bedehusland. 

Om det ikkje var lokalhistorie, så veit ikkje eg kva som er lokalhistorie. Alle desse bøkene var også kyrkjehistorie, så eg tok dei med meg og gjekk til disken for å betale.

-Veit du kven som har skrive boka Sunnmørsk bedehusland? spurde han på andre sida.

-Ja, det er Kjell Furnes, sa eg

Eg har artikkel om Kjell Furnes på Setesdalswiki, for han har hatt bibeltimar på KVS Bygland på Bibel og Naturcamp. Han var stortingsrepresentant og har vore styreleiar i Vestlandske Indremisjonsforbund mellom anna.

-Det er eg, sa mannen bak disken.

Då måtte eg smile litt. Eg fortalde at eg visste at han hadde vore på KVS Bygland og halde bibeltimar og at eg var på besøk hos svigerdotter mi, som er organist i Giske. Men eg var ikkje sikker på om eg hadde skrive artikkelen om han på Setesdalswiki, så eg sa ikkje noko om det, men betalte og gjekk. I bilen måtte eg sjekke på nettbrettet som låg i bilen. Då synte det seg at eg hadde artikkel, så eg gjekk inn att og spurde om å få ta bilete av han som eg kunne bruke i artikkelen i staden for det som eg hadde teke frå nettsida til Bygland Bibel og Naturcamp.

-Det er jo trivelegare å ha eit bilete eg har teke sjølv, sa eg.

Og det fekk eg.

Men eg gløymde å få forfattaren si helsing i boka eg kjøpte.

Og no lurer eg på om eg skal inkludere sunnmørske bedehus-artiklar på Setesdalswiki. Eg kan jo bruke boka eg kjøpte som kjelde.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *