Gratulerer med gull

Share

Det som mange håpa, men som få trudde var mogleg, skjedde i kveld. Klokka 22.33 sprang Karsten Warholm 400 meter hekk finale i London og slo alle dei andre deltakarane i VM. Dermed vart det ein gullmedalje til ein norsk utøvar. Jubelen stod i stova her heime, eg trudde mest ikkje mine eigne augo og gløymde i alle fall å ta bilete av dei andre som heller knapt kunne tru det dei såg.

Når noko slikt skjer, er det for mange naturleg å gå til wikipedia for å lese kva dei har om utøvaren. Wikipedia er ikkje bare eit leksikon for all mogleg tradisjonell leksikalsk informasjon, takka vere skrivande sportsentusiastar kan ein finne det meste om utøvarar, ikkje bare frå Norge, men også frå store deler av verda. Det er råd å knytte saman informasjon frå andre språkversjonar, og no er det åtte språkversjonar som har artikkel om 21-åringen frå Ulsteinvik. Eg tippar at det snart vert fleire.

Alt klokka 22.58 vart hendinga skriven inn i artikkelen om han på Wikipedia, bare eit kvarter etter at det skjedde. Slik er det ofte med artiklar på Wikipedia, dei vert oppdaterte rimeleg kjapt. Artikkelen er etter kvart blitt ganske stor med detaljert oversyn over konkurransar han har vore med i og resultat han har nådd.

Å lage så omfattande artiklar krev at dei som skriv, fylgjer med på det som idrettsutøvaren gjer. Det er noko av grunnen til at Setesdalswiki ikkje har klart å ha særleg god dekning av lokale sportsutøvarar sine resultat. Ettersom vi ikkje klarar å ha slikt oversyn, får vi ikkje særleg gode artiklar om lokale sportsutøvarar, og det er eit sakn.

Men i kveld gleder vi oss over at ein norsk ungdom har nådd toppen i verda i idretten han satsar på.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *