Nytt og gammalt

Share

I kveld var det både nytt og gammalt i Valle Radio. Kannika Kladklang og Elisabeth Spockeli stod for det nye, Gro Tove Frafjord Sandnes og Torgeir Moseid representerte det gamle. Det vart ein interessant time med glimt frå både Valle og Bygland.

Først fekk vi høyre at Kannika skal drive med thai-mat frå Bergtun kafé, ho opnar denne veka etter å ha fått god respons på take away frå heimekjøkken tidlegare. No blir det 50 sitteplassar og både lokal og thai på menyen.

Elisabeth rustar opp Esso og får betre plass til sportsdelen av butikken. Men ho skal framleis drive bensinstasjonen, ho får nye pumper, satsar på å få vaskehallen i drift og gleder seg over å kunne hjelpe kundar av alle slag framover. Planen om å etablere seg nede ved Riksveg 9 har ho slått frå seg, no er det sentrum som gjeld for henne, det har kundene sagt, meinte ho.

I samtalens løp kom dei inn på at det kan vere litt lite som fangar trafikken gjennom dalen, største blikkfanget er kan hende radiodama på veggen vår. Ho kunne kanskje trenge oppfrisking i fargane til 20-årsjubileet?

Etter dei to frå Valle hadde Siri fått med seg to byglendingar. Gro Tove frå Husflidslaget fortalde om Lislefarmen, som i år er flytta til Åraksbø og blir markert saman med 800-årsjubileet for Haugeburet. Det er stort program for jubileet og mykje å sjå og handle på Lislefarmen laurdag 2. september, så det blir nok folksamt der den dagen. Ein satsar til og med på guida tur til alle lopta i Åraksbø, ikkje bare Haugeburet.

Til slutt var det tid for Torgeir, som kunne fortelje om heftet han har laga om Bjoren, Frå kveg til cruise, med mange bilete som aldri har vore publiserte før, takka vere god hjelp frå Setesdalsmuseets sin aldri kvilande bildeleverandør Leonhard Jansen. Ekstern sponsing gjer at heftet på 65 sider bare kostar 100 kroner. Torgeir Moseid fortalde så levande om Bjoren at det for meg var høgdepunktet i ein særs interessant aktuell time.

Eg prata litt med Siri Johannessen etter sendinga, og ho kunne fortelje at det hadde vore med 20 lyttarar på Internett på det meste i kveld. Det er truleg ein topp på ei tysdagssending, så det lovar godt for hausten. Valle Radio leverer!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *