Oppstart

Share

I kveld starta Valle Radio att med tysdagssendingane. Siri hadde sett saman eit variert program:

1800 Kvarteret
1815 Over ein open bibel frå Norea med Andreas Årikstad
1830 Sangtime med mye Lina Sandell
1930 Aktuell time
2030 Postludium med Siri Johannessen og amerikansk musikk
2100 Kyrkjebakken

Ettersom eg har vore på tur halvanna veke, var det mange som ville høyre korleis vi hadde hatt det, så det vart fleire telefonar i kveld og difor ikkje så mykje høve til å høyre på sendinga. Men eg fekk med meg Postludium, og det var flott:

Variert amerikansk musikk for orgel er det ikkje ofte vi høyrer. Siri hadde laga programmet til 4. juli, ho hadde jo tenkt å ha sendingar nokre gonger i sommar, men det gjekk ikkje.

Noko av grunnen var nok at Bykle kommune no har teke studioet som Bykle radio hadde i grendehuset i Bykle. Dei trong roma til kulturskulen, og så har dei etter det Ørnulf fortalde meg då eg var innom i Valle på tur til Valderøy for vel ei veke sidan, teke studio til det bruket. Dei har vel skjøna at Bykle radio ikkje kjem på lufta att med nærradiosendingar, det blir bare overføring av kommunestyremøte, og då treng ein ikkje studio slik dei hadde.

I Valle vonar eg at det blir sendingar i mange år framover. I haust har vi halde på i 20 år, og det ser ut som om ein liten entusiastisk gjeng klarar å mobilisere til ein ny sesong. Eg såg på bloggen frå ei sending for nokre år sidan at vi hadde 160 telefonar inn ein onsdagskveld, no er det kan hende bare 10 prosent av det talet, så vi må lage radio på ein annan måte i tida som kjem.

På veg frå Ålesund sundag føremiddag fekk eg inn ein nærradio i distriktet der, eg trur det var Gnisten nærradio som NLM driv. Det var ein lang samtale med ei 95 år gammal Frelsesarmeoffiser. På turen fekk vi og inn noko turistradio, men DAB i bilen har eg bare fått til å virke sporadisk.

Med start i Valle Radio er haustsesongen i gang. Eg ønsker både Siri og alle de andre som driv radioen lukke til!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *