Utsikt

Share
Foto: Reidun Haugland

Å ha utsikt frå stovevinduet har ein eigenverdi, akkurat som å ha utsikt frå klasseromet. Eg meinte det var feil å bygge Vallehalli der ho står i dag, for det tok utsikten frå klasseroma i ungdomsskulen, og unge elevar treng pusterom frå læraren sitt mas, noko dei kunne få med fin utsikt frå klasseromet. Eg tapte den saka, som var grunnen til at eg i si tid stemte mot idrottshallen i Valle, noko mange mislika.

Utsikt frå stovevinduet hadde vi dei 15 åra vi budde på Lille-Børøya på Stokmarknes. Då såg vi mot Hadselåsen og Storheia. Då vi budde på Nomeland, var det mindre utsikt, men på Eskeland har det blitt meir utsikt att, no ser vi Tregdevegen og jorder og eitt og anna rådyr som spring forbi når det ikkje er trafikk på vegen.

Men den kan ikkje måle seg med utsikta som barnebarna våre no har fått etter at dei flytta til Valderhaugstrand i Giske kommune. Der har dei utsikt til Ålesund havn på andre sida av fjorden. På fjorden ferdast båtar av alle slag og dei små på tre og fire år kommenterer både hurtigrute, hurtigbåt, tankbåt, fiskebåt og cruiseskip når dei dukkar opp.

Farfar måtte finne skipstrafikksida på nettbrettet og snart klikka vi på båtane på fjorden for å finne ut namn og lengde. Vi var imponerte over cruiseskip på 250 meter som dukka opp i Ålesund i dag, då kunne vi gå gjennom ganske mange bilete for å sjå båten i ulike hamner og frå ulike vinklar. Hurtigruta som var innom i dag, var halvparten så lang, fin den også, men det verkar som om Henrik meiner at store båtar er mest interessante.

Men han fylgjer med på hurtigbåttrafikken også. Hurtigbåt frå Ålesund og Hareid kjem inn like nedanfor oss, dei som skal med fly frå Vigra går på korrespondreande buss, så tidvis er det mange passasjerar. Dei kan vi ikkje sjå frå vinduet, men det kan vere greitt med ein tur. Ettersom hurtigbåtane hastar av stad over fjorden ganske mange gonger dagleg, er det noko å sjå på det meste av dagen. I tillegg kjem trafikk som ikkje er i rute.

I dag har det vore ein solskinnsdag. Rett nok var det ei kraftig regnbyge midt på dagen, men elles var det opphald og sol. I kveldinga kom det nok ei byge over Ellingsøya, for plutseleg såg vi ein fin regnboge over fjorden. Men “dei gamle fjell i syningom er alltid eins å sjå med same gamle bryningom og same toppom på.”

Å leva det er som havet, å spegle ein himmel av.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *