Biskop Stein og Asbjørn Kvalbein

Share
Foto: Brit Obrestad

Medan sist veke var utan tysdagssending og med kommunestyremøte onsdagskvelden, så er denne veka meir normalt program i Valle Radio. Eg har fått tilsendt programmet for tysdag frå Siri, når det gjeld onsdag, er det meir variabelt om programleiarane sender det til meg, så der får eg vente.

Men eg synest det er flott at Siri har fått med seg Asbjørn Kvalbein i ein samtale i radioen. Han er ein flittig nytta stemme i Valle Radio gjennom samarbeidet vi har hatt med Norea Mediemisjon, der han har svært mange små oppmuntringskåseri og andre innslag. Asbjørn har hatt mange ulike tenester i Misjonssambandet, så han kan sjå tilbake på mange opplevingar innan mediesatsinga deira.

Under bispevisitasen hadde Bjarne Tveiten ein samtale med biskop Stein Reinertsen, og den får vi høyre i Valle Radio i morgon kveld. I tillegg skjønar eg at Siri har ved hjelp av Jørund Georg dukka ned i arkivet for å finne gamle opptak frå mange år tilbake, så vi får kan hende eit ti år gammalt opptak som del av ein samtale med redaktøren vår, Ørnulf Hasla. 20 år er ingen alder, men for eit dugnadsprosjekt av denne typen er det etter mi meining ein milestein som godt kan markerast.

Her er programmet:

Tysdag 26. september
Ansvarleg og teknikar: Siri Johannessen
1800 Kvarteret
1815 Over ein open bibel frå Norea med Andreas Årikstad
1830 Eit møte med Asbjørn Kvalbein.
1900 Klangohalvtimen
1930 Gjenhøyr frå bispevisitasen: Bjarne Tveiten og Stein biskop
2000 Aktuell halvtime
2030 Postludium med Niklos K. Besteland
2100 Kyrkjebakken

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *