Ei TV-veke

Share

Etter ei veke med sykkel på TV lurer du kanskje på om eg skal begynne å sykle når du ser overskrifta og veit at siste veke var det VM i sykling i Bergen. Men det skal eg definitivt ikkje, det overlet eg til søskenbarnet mitt, Brit Obrestad. Ho er den som er blitt smitta av viruset og som ikkje let eit høve til ein sykkeltur gå frå seg.

Men frå stolen min har eg gledd meg over vakker natur og tenkt tilbake på mine fire år i Bergen frå 1972 til 1976. Då sykla eg nokre av dei vegane som proffane har ferdast på denne veka. Mest i Fjøsangervegen, Natlandsvegen og Birkenlundsbakken var det best å bruke bil.

Ved eit treff slumpa eg denne veka også til å bli venn på Facebook med Hilda Hillesland, som eg arbeidde saman med i dei åra i Bergen og som sidan har ei lang karriere bak seg i teneste for Sjømannsmisjonen rundt om i verda. Det var endå ein grunn til å minnast tida i Bergen med glede.

Men sjølv om eg ikkje skal ut å sykle sjølv, har eg gledd meg over å sjå syklinga i Vestlandsnatur ei heil veke. I går kveld kom det ein telefon med spørsmål om eg ville vere med på ei undersøking om medievanar, det gjaldt TV for det meste. Eg har forstått det slik at nordmenn ser på TV om lag tre timar dagleg, men då dei spurde meg om kor mykje eg hadde sett på TV fredag, var svaret 13 timar, dei tenkte nok at eg var firkanta i augo etter så mykje TV-sjåing. Men det er jo ikkje kvar veke det er VM i Bergen. Onsdagssendinga då dei sykla opp til Fløyen var jo heftig, men sanneleg var det ikkje mindre heftig å sjå alle folka på festplassen og ved Lungegårdsvatnet i dag.

Og så har eg lete meg imponere over kor mykje informasjon Johan Kaggestad og Christian Paasche kan formidle i desse sendingane. Det hadde vore moro å hatt ei utskrift av dei og sett kor mykje fakta dei formidla, det var informasjon om obskure syklistar frå land vi knapt har høyrt om, historisk informasjon om Håkonshallen, musikalsk informasjon om Edvard Grieg og Ole Bull, om Nystemten og om gater og bygningar i Bergen. Paasche gjekk vel truleg på lærarskulen der syklistane kom ned frå Laksebakken, som gata var omdøypt til, men like fullt var det imponerande mykje fakta dei klarte å formidle.

Vinnerskalle, det var eit ord som vart brukt fleire gonger. I sykling er det nok viktigare å vinne enn i dei fleste andre idrettar, for andre idrettsfolk vert glade for sølv og bronse, men gleda over 2. plassar sit lenger inne for sykkelfolket. Etter det eg skjøna hadde det kan hende noko å gjere med bonusar og slikt, men det burde vel vere litt bonus også for sølv- og bronsemedalje, ikkje bare for vinnarane.

I september har eg vore lite skrivande på bloggen, noko av grunnen kan kanskje vere ei slik veke, der ein knapt orkar å taste noko på blogg eller wiki, men kan hende betrar det seg no når det heile er over.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *