Etter valget

Share

Kveldens program i Valle Radio var morosamt. Ørnulf Hasla hadde vore ute med opptakaren sin og fått nokre opptak frå dagen folk i Valle gjekk til valg, om oppteljing og slikt. Så var Steinar Kyrvestad med i studio og kommenterte valget medan Jon-Rolf Næss var med på telefonen frå Hovden, Bjørn Ropstad var med frå Ungarn og Leiv Rygg Langerak var med frå Bygland til slutt. Han var også den som var mest nøgd med valget, sjølv om Senterpartiet ikkje fekk nokon representant inn frå Agder.

Ein slik samtale etter valget, der resultatet er klart og der folk som står midt i politisk arbeid, er med, synest eg er interessant, så for meg var det ein triveleg del av den aktuelle timen.

Deretter fekk vi høyre opptak frå feiringa av Haugeburet 800 år før Leonhard Jansen var i studio og fortalde litt om aktiviteten på Setesdalsmuseet i sommar, dei har hatt høgare besøk enn vanleg, ikkje minst takka vere Langeidsverdet. Programmet gjekk ut over den tilmålte timen, det gjorde ingenting etter mi meining, for det var interessante tema dei snakka om.

Før den aktuelle timen var Frode Buen i studio for å vere med i posten Kommunen informerer. Då fekk vi høyre om Sauesjået som Sentrumsforeninga i år er sterkare involvert i, mellom anna. Vi fekk og høyre at Valle Radio vil ha stand på sauesjået for å markere 20-årsjubileet.

Med sendingar tysdag og onsdag har Valle Radio god sendeflate for å gje lyttarane variert og interessant informasjon, og det fekk vi denne kvelden.

Eg hoppa av då det vart opi sending, der var det Jorunn Lund Harstad som var i studio, ho var eismo etter det eg høyrde, i alle fall den første delen av kvelden.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *