Før eit jubileum

Share

I år er det 20 år sidan Valle Radio kom på lufta. Det er naturleg å feire litt, men korleis?

Før eit jubileum kjem det opp ulike tankar om korleis ein skal feire. Det kan gjerast med å gjere stas på styre og medarbeidarar, eller målgruppa kan stå i fokus. Etter det eg skjønar, er det lyttarane som står i fokus for jubileet til Valle Radio i år.

Det blir markert med ei ekstrasending på sauesjådagen, ei utesending frå sentrum i Valle. Nært publikum og vonleg med publikum innom i studio. Kake til folk som kjem innom høyrer også med, kan hende saman med andre effektar som kan minne folk på at radioen er i beste velgåande etter 20 år.

Ein måte å markere eit jubileum på, er å finne fram gamle opptak og sende noko av stoffet som finst i arkivet. Men ein dugnadsradio har som regel ingen god arkivfunksjon, så der slit nok radioen litt med å finne stoff, sjølv om mykje er lagra digitalt.

For det er eit problem at den kulturoppgåva som har blitt gjort i desse 20 år er vanskeleg å dokumentere. Naturleg nok er det den aktuelle radiokvelden som står i fokur, dokumentasjon i form av skriftleg materiale ein kan slå opp i og sjå kva som vart gjort, finst det lite av. I studio finn vi gjestebøker med namn på folk som har vore med, om vi har hugsa på å få dei til å skrive, då.

Bloggen her har dokumentert mykje stoff etter at vi starta opp, men frå dei første åra er det ingen blogg. Så det er mange utfordringar framfor eit jubileum.

Men markering vert det, det skjer altså sauesjådagen mellom klokka 12 og 14.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *