Haust

Share

Så startar hausten 2017. Den gjer det med mange hendingar rundt om. Haugenburet skal feirast i Åraksbø, det er Sirdalsdagane og Dyrskue i Lyngdal og mykje anna alt denne helga, og neste veke startar Protestfestivalen i Kristiansand.

Sjølv tek eg turen til Jæren, vi skal ha søskenbarntreff. Dei fleste barnebarna til mormor stiller opp og det skal bli koseleg å møtast. No for tida møtest ein helst i gravferd, men denne gongen møtest vi bare for å møtast.

Det var eldste barnebarnet, Brit Obrestad som tok initiativet, fastsette dato og sa velkommen. Dei aller fleste klarte å finne plass i nokså fulle kalendarar, så no møtest vi. Mat og program er i boks, det kan bli ein triveleg laurdag.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *