Nye stemmer

Share

I kveldens sending fekk vi høyre to nye stemmer i Valle Radio. Det starta med Torfinn Brokke, innfødd hylstring som har kome heim att til heimbygda som helikopterflygar og flygesjef i Fjellfly på Hovden. Han hadde Tankar frå Bibelen etter  å ha blitt presentert av redaktør Ørnulf Hasla. Det gjorde han på ein framifrå måte, teksten for hans første radioandakt var frå Efeserbrevet 2, 1-10

Den andre nye stemmen hadde kristiansandsdialekt. Valle kommune sin nye rådmann, Aud Sunniva Fuhr, var med i programmet Kommunen informerer. I samtalen med programleiar Ronny Stavsholt fortalde ho om kulturtiltak som kommunen er med på og ho retta blikket ganske langt framover. Denne gongen var det lite om aktuelle administrative saker, så det vart ein lett prat med innslag av musikk.

Gjennom åra har det vore ganske mange stemmer innom i Valle Radio. Nokre har vore fleire gonger, andre har bare hatt gjestevisittar og så har vi ikkje høyrt meir til dei. Begge desse vil vi nok få høyre fleire gonger.

Ein av dei gamle stemmene i radioen er Johs Bjørkeli, han var med alt det første året med sine musikk-kåseri. I kveld konkurrerte han visst med Farmen, og vann, i alle fall hjå nokon etter det eg kunne lese på Facebook.

Program onsdag 27.09.17
Ansvarleg Ronny Stavsholt
Teknikar Torhild Sandnes
19.00 Tankar frå Bibelen Torfinn Brokke
19.30 Kommunen informerer med rådmann Aud Sunniva Fuhr
20.00 Ronnys time
– Besøk av Johs. Bjørkeli som fortel litt om Cuba etter orkanene
21.00 Opi sending
-Musikk med Johs. Bjørkeli
#valleradio
NETTRADIO: live.valleradio.com:8000/live

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *