På sitt beste

Share

Denne veka er Valle Radio på sitt beste. Når det både er tysdagssending og onsdagssending med variert og interessant program frå heile dalen, opplever eg at radioen gjev noko att for at vi kan sende til heile Setesdal. Så får det våge seg at etter ein valgdag er det mange som heller vil få med seg riksnyheter enn lokale oppslag. Sjølv valde eg Valle Radio frå klokka 19 i kveld, nasjonale nyheter kjem sikkert i reprise, tenkte eg.

Tysdag 12. september
Ansvarleg og teknikar: Siri Johannessen
1800 Kvarteret med Asbjørn Kvalbein frå Norea
1815 Over ein open bibel frå Norea med Andreas Årikstad
1830 Klangohalvtimen
1900 Aktuell time: Kva skjer på Cuba, Jan Olsen?
1930 Reidar Tveito finn vegar på Byglandsfjord,
2000 Eit møte med Åse Torhild Gullsmedmoen og L.E.G.O.
2030 Postludium med Niklos K. Besteland
2100 Kyrkjebakken
Onsdag 13. september
Teknikar: Ørnulf Hasla
Telefonvakter: Ingeborg Åkre Løyland
19.00 Tankar frå Bibelen ved Torleiv Harstad
19.30 Kommunen informerer ved Frode Buen

20.00 Timen

21.00 Opi sending med Jorunn Lund Harstad & Co.
Samtalen med Jan Olsen om stormen på Cuba og innsamlinga av syklar i haust, var som vanleg interessant. Orkanen var på ein annan stad på øya, så Playa Baracoa og dei andre små plassane i Caimito fekk bare regn. Men regnet på Cuba er mykje heftigare enn i Setesdal, kunne Jan Olsen fortelje. Han har alltid mykje på hjarta, så halvtimen gjekk fort, den kunne godt vart lenger når han først var i studio.
Men Siri Johannessen skulle ha plass til Reidar Tveito, som fortalde om det nye heftet han har laga om ridevegar og stiar på Byglandsfjord. Då han var ferdig, fekk vi høyre ein interessant prat med Åse Torhild Gullsmedmoen om prosjektet LEGO (med punktum mellom bokstavane). Arbeidet dei gjer i Romania gjev håp for fattige, akkurat som arbeidet på Cuba. Alle desse var i studio, så Siri hadde godt selskap i kveld også før Niklos K. Besteland kom med musikk av Mendelssohn.
Etter det eg skjønar, skal Ørnulf Hasla ha med seg ordførarar i programmet i morgon for å oppsummere valet. Dermed blir det politiske tema også i Valle Radio, så radioen dekker eit vidt spekter av tema i løpet av dei to sendingane denne veka.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *