Verdier for livet

Share

Verdier for livet er tittelen på ei bok av Asbjørn Kvalbein. I kveld var han med i Valle Radio i ein halvtimes samtale med Siri Johannessen. Der fortalde han at boka inneheld 365 små stykke og at det er tekstar som kjem frå programserien Noe ble borte på veien som vi sender i Valle Radio når det høver slik.

Det vart ein interessant samtale der vi fekk møte ein av dei som har betydd mykje for mediemisjon og eit kristent perspektiv i media gjennom førti-femti år. Han starta som redaktør av Ungdom og Tiden alt medan han studerte teologi, studiar til klokka 14, deretter redaksjonelt arbeid.

I samtalen kom det fram noko som har vore verdifullt i kristne samanhengar, kallet til teneste. Når eit styre kallar deg til ei teneste, står dei bak tenesta på eit vis og det gjev frimod for den som skal gjere arbeidet. Asbjørn Kvalbein fortalde om korleis styret i Misjonssambandet også jobba for å utruste medarbeidarane sine, sjølv fekk han eit år i USA med heile familien for å ta mastergrad i mediekommunikasjon før han skulle gå inn som første rektor på Gimlekollen mediesenter.

I samtalen kom dei også inn på samarbeidet han hadde med Trygve Bjerkrheim, han var redaksjonssekretær for Utsyn før han overtok etter diktaren, som redigerte bladet i over 30 år. Slik fekk han med seg noko av tradisjonen før fornyinga han sjølv gjennomførte.

For songforfattaren Trygve Bjerkrheim var det viktig å ha ei slåande førstelinje i dikta sine, utan den ville dei ikkje leve. Vi fekk høyre Gud har ein plan med ditt liv, ein sang som passa godt inn i programmet, og Takk at du tok mine byrder, ein sang som seier mykje om å leve som kristen.

Gjennom åra har Asbjørn Kvalbein skaffa seg eit kartotek med 20.000 kort med små sitat og historier som han kan bruke når han treng noko for å illustrere det han vil ha fram. Bibelen er full av fortellingar, og fortellingar kan ofte belyse eit tema, sa han. Men det er best med fortellingar som ikkje er sjølvopplevde, for dei sjølvopplevde blir ofte noko kompliserte. Ei fortelling må kortast ned om ho skal fungere.

Takk til Siri for eit interessant program der vi fekk møte ein interessant person.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *