500 år sidan reformasjonen

Share

I kveld let eg Valle Radio seile sin eigen sjø, i staden reiste eg til Nidarosdomen via NRK1 og var saman med ei fullsett kyrkje der.

Det heile starta etter Dagsrevyen klokka 19.30. Då kom kong Harald med fylgje, deretter ein stor prosesjon og så fekk vi høyre Vår Gud han er så fast en borg med eit forsterka domkor.

Det vart ei fin oppleving, det var ein økomenisk gudsteneste med folk frå ulike kyrkjesamfunn. Alle i kyrkja hadde programhefte og visste kven som deltok, men vi heime i stovene måtte nøye oss med ein rulletekst til slutt.

Eg brukar å sjå på STV2 sin gudsteneste, der får vi namn på alle deltakarane etter kvart som dei kjem inn, det burde NRK også klare. Arrangementet er planlagt til minste detalj, ein liten namnelapp måtte vel kunne leggjast inn, ikkje bare salmetitlar.

No måtte eg bare gjette kven som las tekstar i det ekumeniske innslaget og kven den katolske biskopen var, han er for øvrig litt meir kjent, så der stod eg ikkje fast. Men kven spelte orgel og lutt, kven dirigerte, kven dansa, kven var solist, kva heitte dei ulike biskopane som forretta.

-Sjå rulleteksten, seier du

Den rulla så fort at det var heilt uråd å følgje med, for dei måtte jo få plass til ein reklame for URIX før distriktsendinga.

Flott oppleving, diverre ikkje så TV-vennleg som det kunne vore.

I Valle Radio var det også markering av reformasjonsjubileet. Det skjedde i Postludium, der fekk folk høyre heil Bachs kantate nr. 80, Ein feste Burg. Men eg var i Trondheim i kveld.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *