Alternativ sang

Share

På DAB-kanalane kan ein høyre popmusikk frå ein vaknar til ein legg seg. I Valle Radio si tysdagssending er det alternativ musikk på kjøreplanen.

Til vanleg er det ein sangtime med for det meste kristen sang frå 18.30 til 19.30 i Valle Radio. I den perioden er det nyheter på TV, så for meg som i mange år budde i Valle og ikkje såg TV, er dei prioriterte. Difor fekk eg ikkje høyre programmet På sangens vinger som Siri hadde i kveld, det var frå Norea. Etter det hadde ho nokre songar av gruppa Frisk Luft, eg trur ho likar dei ekstra godt.

Elles ser eg av programmet på Setesdalswiki at ho hadde med Gunstein Draugedalen og Kristina Jølstad Moi i kveldens program, og så hadde Niklos to korverk med eit kanadisk kyrkjekor. Dei fekk eg med meg, og dei var gedigne: Herbert Howells Te Deum Laudamus  og Gordon Slater: Jesus, the very thought of Thee.

Å høyre eit sangprogram er etter mi meining heilt ok. Men eg likar ikkje at når eg vil høyre nyheter på Sørlandssendinga om morgonane klokka halv åtte, så får eg ti minutt med riksnyheter, deretter må eg høyre ein poplåt før eg får lokale nyheter. Det fører ofte til at eg skrur av radioen heller enn å vente på det eg vil høyre.

Men slik er livet for ein som ikkje er så glad i popmusikk. Så får det våge seg at eg heller ikkje alltid får med meg sangtimen i Valle Radio.

Av og til tenkjer eg at eg vil skrive om songane på Setesdalswiki også, men det har eg bare gjort i liten grad enno. Vi får sjå kva som skjer utetter vinteren. Skrivegleda har vore litt redusert i haust, så det går litt i rykk og napp.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *