Edlandshavet og Limavatnet

Share
Foto: Rønnaug Haugland Lyckander

Eit bilde på Facebook kan gje mange assosiasjonar. Slik var det for meg då Rønnaug posta eit bilde ho kalla Ålgård fra oven på Facebook. Den som såg Ålgård på bildet måtte ha gode augo, men det var eit flott utsyn mot Jæren frå høgt over Høg-Jæren.

I ungdommen hendte det at vi tok turen rundt Edlandsvatnet, men for ein som vaks opp mellom Edlandsvatnet og Øygardsvatnet og som til og med hadde eit år i kanten av Flassavatnet, var det mange minne som dukka opp.

På bildet ser du Edlandsvatnet reflektere i sollys, mens Øygardsvatnet ligg i skuggen til høgre. Flassavatnet ligg under skya, på bildet under Edlandsvatnet. Og så strekkjer Limavatnet seg frå Vaula bru og heilt ut i venstre kanten av bildet.

Den som såg Tour des Fjords på sykkel i sommar, såg syklistar som sykla på andre sida av Limavatnet, inn til Oltedal, over fjellet til Sandnes.

Rønnaug kommenterte det snaue landskapet, det er lite tre å sjå. Og det har jo vore kjenneteikn på Jæren.

Vi som budde nord på Ålgård, gjekk mest til Øygardsvatnet for å bade om sommaren. Då gjekk turen i kanten av det vi kalla Toreskogen og over eit par steingardar før vi kom til badeplassen Rauvigå. I dag er det området fullt av hus, Ålgård er blitt ein drabantby til Stavanger.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *