Mobiltelefonens viderverdigheter

Share

Mobiltelefonen er ei glede og ei gåve i dei fleste tilfelle. Men i dag har eg hatt litt plunder, for det kom ei sms som eg ikkje kunne lese. Så fekk eg ei melding frå telenor om at eg kunne gå inn på min side hos dei, der kunne eg sjå meldinga.

Som oftast pleier eg ignorere slike meldingar, for eg har sagt til folk at eg har ein gammal mobiltelefon som ikkje kan lese bilder. Men av og til gløymer folk det og sender meg bilder likevel. Og når eg er nysgjerrig nok, prøver eg vel å finne ut kva det er som har kome.

I dag tenkte eg at eg skulle slette ein del bilder frå telefonen, så kanskje kunne eg få sjå meldinga. Men det var lettare sagt enn gjort, for det ser ut til at bilder eg lastar ned for å bruke på Setesdalswiki, på ein eller annan måte også finn vegen til telefonen min, og desse nedlastingane er det ingen sletteknapp på. Til slutt måtte eg søke ekstern konsulenthjelp, det er ikkje så vanskeleg i mitt tilfelle, for sjølv om konsulenten er ekstern ved at han held seg i Oslo, er han intern, for vi er i familie.

Skype må vere det rette, tenkte eg, og det var det også, for då kunne vi dele skjermbilde og han kunne sjå kva som skjedde på min skjerm. Eg fekk kobla telefonen til datamaskinen via ledning, men det var til lite nytte, eg har ein samsung, men på skjermen kom det lenovo. Etter å ha grubla lenge og vel, enda vi opp med at dette fann vi ikkje ut av.

Men eg kunne jo gå inn på telenor og sjå på meldinga der. Som sagt så gjort. Det synte seg etter nokre viderverdigheter at det var søster mi Jorunn i Lyngdal som minna meg på konsert med Vest Agder Kammer Kor VAKK i Oddernes kirke i morgon, eit Luther-program.

Når eg først var inne på min side hos telenor, kom jo spørsmålet om eg ikkje skulle få meg ny mobil og om kva eg betaler no, samanlikna med kva Helge kunne finne ut om pris og telefonar. Bare sorgen, sikkert nok flår dei meg samanlikna med kva eg kunne fått som godt tilbod frå andre leverandørar. Det som ein gong var godt tilbod og som eg har halde fast på, er visst nok ikkje særleg godt lenger.

Kvifor løner ikkje selskap kunder som er trufaste ved å gje dei betre tilbod jo lenger dei blir verande. Bankane har visstnok same policy, vi godtok ei rente og om nye kunder får lågare renter, er det ikkje slik at gamle kunder også får det.

Ein kan bli vond av mindre, men no er det laurdagskveld, og å vere vond ein laurdagskveld er ikkje helsesamt. Så eg takka for hjelpa og ønskte Helge god natt, om eg hadde prata med han til klokka runda tolv i kveld, kunne eg ha gratulert han med dagen, men då hadde eg ikkje fått på plass ein blogg i kveld, så gratulasjonane får kome i morgon.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *