Når ingen ringer

Share
Foto: Britta Lise Homme

Kveldens sending i Valle Radio var det Liv Tanche-Larsen som hadde ansvaret for. Etter vanleg start med Tankar frå Bibelen med Torfinn Brokke og Kommunen informerer med ordførar Steinar Kyrvestad, var det tid for Livs time med gjester og musikk.

Der hadde ho desse innslaga (sitert frå omtalen på Facebook):
-Mekkeungdom på den gamle søppelplassen, Folke Egilson Åmlid, Ola Øyvind Løyland og Jonas Viki kjem i studio og fortel om storsatsing på å få til eit mekkeverkstad

-Bli betre kjent med Berit Junge Henriksen, ei kvinne som ynskjer meir fellesskap og gjennom sitt engasjement i Folkeakademiet, og den foreståande kulturveka, skaper møteplassar og kulturarrangement for folk i alle aldrar!

-Hanne og Vetle er elevar ved Setesdal folkehøgskule – Motorsport skulen, dei fortel om eit år ved fhg skulen og om sitt engasjement for å være bøssebærar!

Så var Liv ferdig og Ørnulf tok over for å ha Opi sending. Eg plar sjeldan høyre på den, men i kveld vart eg med fordi han sende meg ei melding og ba meg lage fem rebusar med tema haust.

Han brukte bare tre av dei, noko som var heilt naturleg, for det var bare Gyro Kopperud som ringte inn med rett løysing på alle tre. Så i staden for å nytte dei siste, spelte han heller litt musikk, det var countrymusikk med minner, fint å høyre på ein mørk haustkveld.

Men så kom det nokre interessante nyheter som sikkert kunne vore verd eigne innslag og fortalt meir om kva det betyr. Den eine var relatert til dagens møte i Setesdal Regionråd. Frå neste år vil møta i regionrådet bli overførte på Valle Radio. I Setesdølen i går stod det at radioen skulle få 5000 kroner for kvar gong. Ørnulf kunne fortelje at det måtte noko nytt utstyr til, og det var det leveringstid på, så difor kom dei ikkje i gang før til neste år. Det blir ei spennande utviding av tilbodet til radioen.

Og så kunne han fortelje at Valle Radio no har meldt seg inn i Norsk Lokalradioforbund. Eg tenkjer at det var på tide, etter 20 år bør vi vere med i det gode selskapet.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *