Podcast av kommunestyremøte

Share
Foto: Britta Lise Homme

Det har vore diskutert ulike måtar å legge ut programma i Valle Radio som podcast, det vil seie at ein kan høyre dei i ettertid, ikkje bare medan sendinga går.

Mange har ønskt å kunne høyre innslag med seg sjølv eller om aktuelle saker, men har ikkje hatt høve til det på direkten. Men det har vore vanskeleg å få det til. Vi hadde eit tilløp til det der vi la ut lenke til filer frå programsida på Setesdalswiki, men det vart slutt.

I kveld kan eg glede dei som vil høyre kommunestyremøtet som vart overført i kveld med at det ligg ei lenke til programmet på sida til programmet på Setesdalswiki. Eg vonar at du går inn og høyrer på programmet, det vil vise at det kan vere trong for eit slikt tilbod.

Så får vi håpe at det ikkje var eit eingongstilfelle, men at både kommunestyremøte og andre sendingar etter kvart kan kome som podcast. Mange ville bli glade om det skjedde.

Her finn du programmet med sakliste på Setesdalswiki si side for sendinga i Valle Radio i kveld

Onsdagssending i Valle Radio 20171025

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *