Produktiv periode

Share

Dei sisste dagane har vore ein produktiv periode på Setesdalswiki. Bildet av elevar som gjekk på Amtskulen i Hornnes 1910-11 har inspirert meg til å leite litt og sjå om eg kunne finne elevane att andre stader, målet må jo vere å få artiklar om dei. Litt har eg funne, og meir vil det nok kome. I tillegg har det vore andre aktuelle tema å ta fatt på., mellom anna har Geir skrive om fleire bøker som er kome ut den siste tida.

Slik vekslar det med artiklar om aktuelle og historiske tema på Setesdalswiki. Leksikonet lever på sett og vis sitt eige liv, det veks på ein måte ein ikkje hadde tenkt då vi starta. Det tykkjer eg ikkje gjer så mykje, til skilnad frå papirbaserte bøker har vi plass nok i eit digitalt leksikon.

Og så er det moro når vi har artiklar om det som er tema i Valle Radio og i Setesdølen, og oftare og oftare ser eg at det blir blå lenker når eg legg inn avisoverskriftene.

Her er dei nye artiklane dei siste dagane:

 

Olav M. Holen i Valle Radio

Share

I kveld var Olav M. Holen i Valle Radio og fortalde om dei to bøkene han har gitt ut i haust. Det vart ein interessant halvtime der han både fortalde litt om samanhengen og las opp eit stykke frå boka. Å høyre Olav Holen lese på godt dalemål eit stykke som nærast var som ei novelle, det meste av det Torleiv Åkre skreiv var helst dokumentarisk, var ei oppleving eg skulle unne mange å få med seg.

Arbeidet med bøkene har vore slik at Olav har site med papir eller mikrofilm og lese gjennom årgang etter årgang frå 1919 til 1960-talet av Agder Tidend, avisene var mest som Setesdalsaviser på den tid, med mange meldarar som skreiv frå dalen. Dette har han kopiert og skrive inn, fått hjelp av Kjell Erik Guddal som bur på Stavenes til data og korrektur, og smått om senn har det blitt bøker som Bokbyen forlag har gjeve ut. Det må ha gått mange tusen timar til den store jobben.

Olav fortalde litt om tilhøvet til Johannes Skard sine Gamalt or Setesdal, her kom på ein måte stoff frå same tid og framover, han meinte at om Skard hadde vore lenger oppe i Setesdal enn han kom dei første åra, ville han truleg funne Draumkvedet, som var grunnen til at han kom til dalen i det heile. For minst to personar i Valle kunne Draumkvedet på den tida, meinte Olav å kunne påvise ut frå tekstane til Torleiv Åkre.

Olav berømma hjelpa han hadde hatt frå setelarkivet til Birgit K. Rike, eit arkiv som Torjus Uppstad i si tid hadde lasta ned frå Norsk Ordbok, og som var gull verd for å forstå gamle ord og uttrykk. Skard skreiv Gamalt or Setesdal slik at han nytta orda dei gamle brukte, og mykje er helst vanskeleg å forstå i dag til og med for folk som har fått det inn med morsmelka.

Då nytta Siri høvet til å fortelje at det også var bakgrunnen for at Bygland mållag i år gjev ut ei ny utgåve av Eventyr frå Setesdal, frå Gamalt or Setesdal. I ein samtale som Harry Andersen hadde med henne tidlegare denne kvelden, fortalde Magnhild Rygg om denne utgåva, med den gamle teksten på eine sida og moderne nynorsk på andre sida, illustrert av lokale kunstnarar.

 

Siste veke i november

Share

Så går vi inn i innspurten av november 2017. Mange har alt fått oppleve vinter, eg las at det hadde vore over 1000 i bakkane på Hovden i helga. Eg er glad så lenge snøen held seg borte, men kjenner at det kanskje blir veromslag også her ute ved kysten.

Tysdag er det igjen tid for program i Valle Radio, og som vanleg har Siri Johannessen litt av kvart som er verd å høyre på:

Tysdag 28. november
Ansvarleg og teknikar: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret med Asbjørn Kvalbein
18.15 Over ein open Bibel med Kurt Hjemdal (Norea)
18.30 Sangtimen med Harry Andersen
19.30 Aktuell time med m.a. Olaug Bjørke frå Åpne Dører, Harry Andersen i samtale om Eventyr frå Setesdal, boka som Bygland mållag gjev ut i år så vel som om markering 1. desember og med Olav M. Holen om bøkene han står bak denne hausten.
20.30 Postludium med Siri Johannessen
21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 29. november
Teknikar: Jørund Georg Jore
18.00 Møte i Valle kommunestyre

NETTRADIO via http://www.valleradio.com  

 

Amtskuleelevar 1910

Share

I går skreiv eg litt med utgangspunkt i eit gamalt bilete som var trykt i Setesdølen tysdag. Eg vart liggjande å tenke på det i natt, og i dag tok eg ein telefon til Helge Haugland, son min, som styrer det tekniske på Setesdalswiki og lurte på om han kunne lage ei liste frå digitalarkivet sitt oversyn over amtskulenæmingar i 1910 i Hornnes.

Han brukte bare 20 minutt, så låg lista på Setesdalswiki. Dermed kunne eg leite litt etter elevar som var på lista.  Ut på dagen tok eg så ein telefon til han som sende inn biletet, Jens Magne Føreland på Dølemo. Han ville gjerne sende biletet til meg også, slik at eg kunne legge det ut på Setesdalswiki.

Etter at eg hadde gjort det, la eg lenke til artikkelen inn i Facebookgruppa Minner fra Hornnes og Evje. I løpet av ein time fekk eg så respons der Elin Kallhovd la ut same bilete med tal og namn på alle folka. Då biletet vart forstørra, såg eg at det var skrive kven som var kven av lærarane, så eg kunne klippe ut styraren og legge inn bilde i artikkelen om han.

Det synte seg at vi hadde artikkel om ein av elevane alt frå før, Torgrim Dåsnes, «agent for alt mellom himmel og jord». Eg skreiv artikkel om Tallak Horverak, han vart over 100 år, så eg fann ein notis om han i Aftenposten.

Så får vi sjå etter kvart om eg finn stoff til fleire artiklar ut frå dette bildet.

Gamle bilete

Share

Tysdag denne veka var det eit gamalt bilete i Setesdølen. Det var frå amtskulen i Hornnes 1910-11 og nederst på biletet stod det namna på lærarane, Jetlund og Knuts. Eg tenkte at det må vere mogleg å finne meir om Jetlund i det minste, det er jo eit namn som ikkje er så vanleg som Knutsson.

Så synte det seg at Setesdalswiki alt hadde ein artikkel der Jetlund var nemnd, og også hans kollega Peder Kristian Knutsson. Vår artikkel om Setesdals ungdomsskule er ganske så fyldig, den er basert på festskriftet som kom ut i 1926 og fleire andre kjelder.

Etter litt leiting på nettet fann eg nok stoff til å skrive ein artikkel om Oluf Jetlund. Truleg er det råd å finne namna på dei fleste som er på biletet, sjølv om det kanskje kan vere vanskeleg å plassere dei på rett person. For folketeljinga for 1910 hadde namna på det dei kalla amtskulenæmingar som budde på gardane rundt skulen. Eg sende eit spørsmål til Leonhard Jansen for å få forklaring på ordet, det var eit ord eg aldri hadde høyrt før.

På denne tida var skulen på flyttefot kvart år, det var ikkje før i 1916 han vart fast på Galteland.

Dei to siste dagane har vi fått desse nye artiklane på Setesdalswiki:

Ein fin kveldsandakt

Share

I kveld fann eg fram Nederland zingt for å ha fin musikk mot slutten av dagen.

Kvar veke har dei ein halvtimes program med song frå kyrkjelydar i Nederland. Vi har mykje felles, sjølv om ikkje alt er like lett å forstå, så kjem nokre salmer og melodiar som også er nytta her i landet.

Eg valde programmet som dei laga for å markere Reformasjonen. Det vart ein fin halvtime med kjende og ukjende songar. Gå gjerne inn på nettstaden, du også. Det ligg mange program ute, så du kan ha ein heil kveld med flott sang. Om du har chromecast og kan caste det til TV, får du ekstra fin lyd, men det fungerer fint på nettbrett eller pc også.

Det er oppbyggeleg å sjå og høyre ei full kyrkje synge salmer og høyre orgel og andre instrument i fint samspel. Det rungar under høge kyrkjekvelvingar.

Lokal litteratur

Share

I leiaren i Setesdølen i dag skreiv dei om Dei lokalhistoriske bøkene.  I år trur eg det er fleire enn på lenge, avisa nemner Hornnes mi heimbygd, Heiegarden Hedderen, Meir gamalt or Setesdal 2 og 3. I avisa var det artiklar om Eventyr frå Setesdal, boka om tamrein og om Aust-Agder under okkupasjonen.

I tillegg kjem Arnstein og Jol i Setesdal, kalendarar og anna lokal litteratur, så det er ganske mykje ein skal skaffe seg om ein vil ha komplett samling av årets litteratur frå Setesdal.

Setesdalswiki prøver å få med seg det meste også av lokal litteratur som små artiklar om produkta. Då tek vi med innhaldsliste og forfattarar og slik faktainformasjon. I lista over nye artiklar har vi med innhaldslista for årets utgåve av Arnstein. Du kan, om du går inn på kategorien, sjå at vi har artiklar om mange av desse historiske tidsskrifta frå Evje og Hornnes sogelag.

Opi sending

Share

I kveld tenkte eg at eg skulle høyre litt på opi sending i Valle Radio. Eg kom inn om lag 21.30 og høyrde Jorunn snakke med Gyro Kopperud frå Frogner. Ho er ivrig til å høyre på Valle Radio og mest kvar gong ringer ho inn når det er opi sending.

Og godt er det. Opi sending skal vere underhaldning i samspel med lyttarane, men om ingen ringer inn, fungerer det dårleg. Truleg er det ein del som høyrer på utan å ringe inn, så eg skulle ønske at nokon fleire tok telefonen når dei høyrer på, slik at lyttarane kan få grei underhaldning.

Dermed så tok eg telefonen på neste rebus og då vart det min tur til å få ein prat med Jorunn Lund Harstad og teknikar Siri Johannessen. Dei har eg snakka med mange gonger før, så det var naturleg for meg å høyre litt om korleis Jorunn har det no i førjolstida. Ho bakar lefser, og i Valle skal alle ha lefser til nepespa til jol, så ho har det travelt.Ho leverer ikkje bare lokalt, men sender også bakverk rundt om, fortalde ho og sa at det røynte på høgrearmen, så i grunnen var det godt å kunne ta ein tur i radioen og bruke munnen i staden for armane.

Vi kom inn på mange emne i samtalen, ho ville vite kva eg heldt på med, og då måtte eg fortelje at for tida held eg ein tørkerull under nasen, slik at det ikkje skal dryppe. Så kom vi inn på Setesdalswiki og alt ein kan lese der. Endeleg snakka vi om at Reidun strikkar setesdalskofter og har fleire som skal vere ferdige til jol, i går sende ho ei til Valle, som Husfliden så skal sende vidare til USA,

Svaret på rebusen var joleplate, det handla om singelen Nepespa som Åsmund Åmli Band slepper fredag. Dermed prata vi noko om fiskespa, som vi brukar å ha ein dag i jola, Jorunn meinte at det måtte vere kjøtspa. Eg fiskar ikkje aure i fjellvatn, men finn ein aure eller ein laks i frysedisken. Og så må vi ofte klare oss med lefserull frå butikken, vi har jo ikkje så lett tilgang til lefser i Mandal.

Slik rulla praten og gjekk og eg fekk høyre ei gammal plate med Einar Ekberg på sangønsket mitt: Långt bortom rymden vida, lengre enn stjerner rår, høgre enn soler skina, den barnlege bøna når.

Men så slutta dei av, og det synte seg at det bare var eg og Gyro som hadde vore på telefonen i kveld, så vi fekk kvart vårt flaxlodd.

No står det bare att å skrape når loddet kjem i posten, det likte Gyro, og det går greitt for meg også, særleg om det er premie etterpå.

 

Til nytte

Share

At det ein gjer er til nytte, er viktig for dei fleste. Å gå unyttig er destruktivt og trist, så difor jobbar samfunnet som heilskap for at flest mogleg skal kunne vere til nytte.

Til og med for ein pensjonist som meg er det viktig å kunne gjere noko som er til nytte, også i pensjonisttida. Sjølv om tida for lønna arbeid er over, og ein difor ikkje har oppmøteplikt på ein jobb, er det godt å kunne vere til nytte på andre måtar.

For meg har det blitt Setesdalswiki, oppslagsverket for Setesdal og Indre Agder, som veks med nokre nye artiklar dei fleste dagane, og som også får nytt stoff til gamle artiklar av og til.

Samfunnet har endra seg på mange måtar, mellom anna på korleis ein søkjer informasjon. Ingen leitar lenger i leksikon, det er mange som kastar 15-bindsverka som var viktige i alle heimar for 30 år sidan. No har vi oppslagsverka på mobiltelefonen og nyttar dei kvar dag, noko som vi sjeldan gjorde med hyllemeter med leksikon.

Når eg skriv dette har det vore 525 besøk på Setesdalswiki i dag. Snittet for november er 500, over 5000 sider har vore besøkt bare i dag. Når ein ser slik på det, er arbeidet vi gjer til nytte, altså er vi som skriv til nytte. Det er godt å tenke på ein kveld når tankar på snø og kulde lett får fokus.

Her er dagens nye artiklar:

Reformasjonsjubileet lokalt

Share

I morgon kveld sender Siri opptak frå markeringa av Reformasjonsjubileet lokalt, det vil seie arrangementet i Bykle kyrkje 31. oktober. Det var omtalt i Setesdølen, ikkje minst fordi begge ordførarane så vel som redaktøren deltok i spelet der mange av konfirmantane også var med.

Denne kvelden er også Niklos på plass i studio med desse verka:

Tema: Musikk til domssundagen

  1. Guiseppe Verdi (1813-1901): Dies Irae et Tuba Mirus. Den ungarnske stats operakor og orkester, dirigent Giorgio Morandi, solist Carlo Colombara
  2. Sigfrid Karg-Elert (1877-1933): Wachet auf, ruft uns die Stimme. Wolfgang Stockmeier på orgelet i Walfartskirche Rulla ved Osnabrück
  3. Rud Langgaard (1895-1952): Som lynet er Kristi genkomst. Jørgen Ernst Hansen på orgelet i Ribe domkirke
  4. Ludvig Nielsen (1906-2002): Toccata over «Dies Irae». Harald Rise på orgelet i Helligåndskirken København
  5. Lars Mæland (1918-1993): Det lid mot natta. Stavanger domkirkes motettkor, dirigent Lars Mæland

Tysdag 21. november
Ansvarleg og teknikar: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret med Asbjørn Kvalbein
18.15 Over ein open Bibel med Kurt Hjemdal (Norea)
18.30 Sangtime. På sangens vinger og litt til
19.30 Reformasjonsjubileet i Bykle kyrkje i opptak
20.30 Postludium med Niklos K. Besteland
21:00 Kyrkjebakken

NETTRADIO via http://www.valleradio.com