Tysdag denne veka var det eit gamalt bilete i Setesdølen. Det var frå amtskulen i Hornnes 1910-11 og nederst på biletet stod det namna på lærarane, Jetlund og Knuts. Eg tenkte at det må vere mogleg å finne meir om Jetlund i det minste, det er jo eit namn som ikkje er så vanleg som Knutsson.
Så synte det seg at Setesdalswiki alt hadde ein artikkel der Jetlund var nemnd, og også hans kollega Peder Kristian Knutsson. Vår artikkel om Setesdals ungdomsskule er ganske så fyldig, den er basert på festskriftet som kom ut i 1926 og fleire andre kjelder.
Etter litt leiting på nettet fann eg nok stoff til å skrive ein artikkel om Oluf Jetlund. Truleg er det råd å finne namna på dei fleste som er på biletet, sjølv om det kanskje kan vere vanskeleg å plassere dei på rett person. For folketeljinga for 1910 hadde namna på det dei kalla amtskulenæmingar som budde på gardane rundt skulen. Eg sende eit spørsmål til Leonhard Jansen for å få forklaring på ordet, det var eit ord eg aldri hadde høyrt før.
På denne tida var skulen på flyttefot kvart år, det var ikkje før i 1916 han vart fast på Galteland.
Dei to siste dagane har vi fått desse nye artiklane på Setesdalswiki:
- 25. nov. 2017 kl. 23:38 Ragna Hansine Jetlund (hist) [609 byte] Harald Haugland (diskusjon | bidrag | blokker) (Ragna Hansine Jetlund)
- 25. nov. 2017 kl. 21:53 Oluf Jetlund (hist) [1 309 byte] Harald Haugland (diskusjon | bidrag | blokker) (Oluf Jetlund)
- 25. nov. 2017 kl. 20:40 On Wheels (hist) [568 byte] Harald Haugland (diskusjon | bidrag | blokker) (On Eheels)
- 24. nov. 2017 kl. 22:51 Anne F. Helle (hist) [472 byte] Harald Haugland (diskusjon | bidrag | blokker) (Anne F. Helle)
- 24. nov. 2017 kl. 12:25 Oppas Hus Brukt & Antik (hist) [768 byte] Harald Haugland (diskusjon | bidrag | blokker) (Oppas Hus)
- 24. nov. 2017 kl. 11:35 Setesdølen nr. 82, 2017 (hist) [2 590 byte] Harald Haugland (diskusjon | bidrag | blokker) (setesdølen)
- 24. nov. 2017 kl. 09:29 Utbyggingen av Skjerka kraftverk i Åseral. Et historisk tilbakeblikk (hist) [734 byte] Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag | blokker) (Utbyggingen av Skjerka kraftverk i Åseral (hefte))
- 24. nov. 2017 kl. 08:54 Tragedien på Snøhei og Tindefjell (hist) [762 byte] Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag | blokker) (Tragedien på Snøhei og Tindefjell)