
Laurdag opnar ei utstiling på Sørlandets Kunstmuseum med kunstverket Draumkvedet av Torvald Moseid frå Byglandsfjord. Eg skreiv artikkelen om han på Wikipedia alt i 2007, så eg brukte det meste av stoffet frå den artikkelen i Setesdalswiki sin artikkel, som eg skreiv i dag. Men eg kunne jo legge til om lokale utstillingar, for verket De fire årstider var stilt ut på Setesdalsmuseet i 2006.
Ettersom wikipedia og setesdalswiki brukar same programvare, kan ein lage lenker mellom artiklar på Setesdalswiki og Wikipedia. Vi gjer det av og til, men nå vi har lokal informasjon som ikkje høver i det nasjonale leksikonet, lagar eg gjerne ein lokal artikkel. Då likar eg at den har litt meir informasjon, og artikkelen om Torvald Moseid fekk lenker til foreldrene. Han var yngst av åtte søsken, så eg skreiv om foreldrene og laga liste på dei åtte, og fann også stoff til små artiklar om fleire i familien. I morgon skal eg prøve å skrive litt om dei to kunstverka.
Saman med det som Geir skreiv i dag ga det dusinet fullt av nye artiklar i dag. Så i kveld kan eg legge meg smilande.
- 16. nov. 2017 kl. 21:02 Hålandsheia (hist) [714 byte] Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag | blokker) (Hålandsheia Evje)
- 16. nov. 2017 kl. 20:36 Arnstein 1999 (hist) [978 byte] Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag | blokker) (Arnstein 1999)
- 16. nov. 2017 kl. 20:28 Arnstein 1998 (hist) [958 byte] Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag | blokker) (Arnestein 1998)
- 16. nov. 2017 kl. 17:48 Tomine Moseid (hist) [789 byte] Harald Haugland (diskusjon | bidrag | blokker) (Tomine Moseid)
- 16. nov. 2017 kl. 17:44 Olav Moseid (hist) [855 byte] Harald Haugland (diskusjon | bidrag | blokker) (Olav Moseid)
- 16. nov. 2017 kl. 17:04 Mari Moseid (hist) [1 027 byte] Harald Haugland (diskusjon | bidrag | blokker) (Mari Moseid)
- 16. nov. 2017 kl. 16:59 Dåsnes (artikkel) (hist) [8 903 byte] Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag | blokker) (Dåsnes (artikkel))
- 16. nov. 2017 kl. 15:24 Tellef O. Moseid (hist) [1 040 byte] Harald Haugland (diskusjon | bidrag | blokker) (Tellef O. Moseid)
- 16. nov. 2017 kl. 15:01 Torvald Moseid (hist) [3 868 byte] Harald Haugland (diskusjon | bidrag | blokker) (Torvald Moseid)
- 16. nov. 2017 kl. 12:59 Arnstein 1997 (hist) [1 040 byte] Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag | blokker) (Arnstein 1997)
- 16. nov. 2017 kl. 12:26 Arnstein 1996 (hist) [1 004 byte] Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag | blokker) (Arnstein 1996)
- 16. nov. 2017 kl. 07:39 Bergen-Belsen konsentrasjonsleir (hist) [2 256 byte] Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag | blokker) (Bergen-Belsen konsentrasjonsleir)