Olav M. Holen i Valle Radio

Share

I kveld var Olav M. Holen i Valle Radio og fortalde om dei to bøkene han har gitt ut i haust. Det vart ein interessant halvtime der han både fortalde litt om samanhengen og las opp eit stykke frå boka. Å høyre Olav Holen lese på godt dalemål eit stykke som nærast var som ei novelle, det meste av det Torleiv Åkre skreiv var helst dokumentarisk, var ei oppleving eg skulle unne mange å få med seg.

Arbeidet med bøkene har vore slik at Olav har site med papir eller mikrofilm og lese gjennom årgang etter årgang frå 1919 til 1960-talet av Agder Tidend, avisene var mest som Setesdalsaviser på den tid, med mange meldarar som skreiv frå dalen. Dette har han kopiert og skrive inn, fått hjelp av Kjell Erik Guddal som bur på Stavenes til data og korrektur, og smått om senn har det blitt bøker som Bokbyen forlag har gjeve ut. Det må ha gått mange tusen timar til den store jobben.

Olav fortalde litt om tilhøvet til Johannes Skard sine Gamalt or Setesdal, her kom på ein måte stoff frå same tid og framover, han meinte at om Skard hadde vore lenger oppe i Setesdal enn han kom dei første åra, ville han truleg funne Draumkvedet, som var grunnen til at han kom til dalen i det heile. For minst to personar i Valle kunne Draumkvedet på den tida, meinte Olav å kunne påvise ut frå tekstane til Torleiv Åkre.

Olav berømma hjelpa han hadde hatt frå setelarkivet til Birgit K. Rike, eit arkiv som Torjus Uppstad i si tid hadde lasta ned frå Norsk Ordbok, og som var gull verd for å forstå gamle ord og uttrykk. Skard skreiv Gamalt or Setesdal slik at han nytta orda dei gamle brukte, og mykje er helst vanskeleg å forstå i dag til og med for folk som har fått det inn med morsmelka.

Då nytta Siri høvet til å fortelje at det også var bakgrunnen for at Bygland mållag i år gjev ut ei ny utgåve av Eventyr frå Setesdal, frå Gamalt or Setesdal. I ein samtale som Harry Andersen hadde med henne tidlegare denne kvelden, fortalde Magnhild Rygg om denne utgåva, med den gamle teksten på eine sida og moderne nynorsk på andre sida, illustrert av lokale kunstnarar.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *