Om kall i Valle Radio

Share

I våre dagar er det ikkje ofte ein høyrer om kall til ei teneste når folk snakkar om jobb. Men i kveld var dette tema i begge samtalane Siri Johannessen hadde med folk i den timen som kunne kallast Nytt frå kyrkje og kristenliv, men som Siri kalla Siris time i annonsen denne gongen.

Først hadde ho ein prat med Ingvar Nevland i Kristelig Arbeid Blant Blinde og svaksynte (KABB). Då han var ung, fekk han ei synshemming som gjorde at han måtte ha lesehjelp på skulen, og både mor Gudrun frå Evje og far Åge las leksene for han slik at han skulle vere klar til prøver og oppgåver. Då lova han Gud at om han blei frisk, skulle han gjere noko for å hjelpe blinde og svaksynte. Dermed var han i den tenesta no.

I samtalen fortalde han mykje om arbeidet som KABB gjer som det eine av to offentleg godkjende bibliotek i sin sjanger. Sjølv om lydbøker er blitt svært populært for alle, er det bare folk med diagnose som får låne hos desse. At dei kanskje misser 700.000 kroner, 25 prosent av tilskotet til drifta neste år, var ei kjelde til uro, men dei vona at pengane kom på plass når partia hadde forhandla ferdig.

Den andre gjesten i kveld var Hilde Skaar Vollebæk frå Stefanusalliansen. Hennar veg inn i organisasjonen var nok meir som ein jobb, men etter kvart utvikla den seg til eit kall, og ho hadde gått gradene til ho no var konstituert leiar etter at Hans Aage Gravaas slutta i 2015. I samtalen med henne var også Astrid Nomeland med og fortalde om basaren til inntekt for kyrkjelydens misjonsprosjekt for å hjelpe Mamma Maggie i Egypt i hennar arbeid. Men ho ville ikkje seie kor mykje pengar som kom inn, det skulle kyrkjesjef Sissa Ringstad få gleda av å formidle til generalsekretæren.

Deretter snakka dei saman om kor mange kykjelydar som hadde misjonsprosjekt for organisasjonen, det var visst om lag 80, dei snakka også om ulike andre oppgåver organisasjonen har for dei som er forfyglde for trua si, om solidaritet med dei, om fakkeltog som Stefanusalliansen nyleg har organisert, der Kjell Ingolf Ropstad hadde hatt appell i samband med toget i Oslo.

I godt lag går tida fort, og denne timen gjekk svært fort i god samtale med tankevekkande tema. Kanskje skulle vi pusse støv av talen om kall att i reformasjonsjubileumsåret og minne kvarandre på at eit kall kan vere ei sterk drivkraft og motivasjon for ei teneste, også når den er vanskeleg og krevande.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *