Opi sending

Share

I kveld tenkte eg at eg skulle høyre litt på opi sending i Valle Radio. Eg kom inn om lag 21.30 og høyrde Jorunn snakke med Gyro Kopperud frå Frogner. Ho er ivrig til å høyre på Valle Radio og mest kvar gong ringer ho inn når det er opi sending.

Og godt er det. Opi sending skal vere underhaldning i samspel med lyttarane, men om ingen ringer inn, fungerer det dårleg. Truleg er det ein del som høyrer på utan å ringe inn, så eg skulle ønske at nokon fleire tok telefonen når dei høyrer på, slik at lyttarane kan få grei underhaldning.

Dermed så tok eg telefonen på neste rebus og då vart det min tur til å få ein prat med Jorunn Lund Harstad og teknikar Siri Johannessen. Dei har eg snakka med mange gonger før, så det var naturleg for meg å høyre litt om korleis Jorunn har det no i førjolstida. Ho bakar lefser, og i Valle skal alle ha lefser til nepespa til jol, så ho har det travelt.Ho leverer ikkje bare lokalt, men sender også bakverk rundt om, fortalde ho og sa at det røynte på høgrearmen, så i grunnen var det godt å kunne ta ein tur i radioen og bruke munnen i staden for armane.

Vi kom inn på mange emne i samtalen, ho ville vite kva eg heldt på med, og då måtte eg fortelje at for tida held eg ein tørkerull under nasen, slik at det ikkje skal dryppe. Så kom vi inn på Setesdalswiki og alt ein kan lese der. Endeleg snakka vi om at Reidun strikkar setesdalskofter og har fleire som skal vere ferdige til jol, i går sende ho ei til Valle, som Husfliden så skal sende vidare til USA,

Svaret på rebusen var joleplate, det handla om singelen Nepespa som Åsmund Åmli Band slepper fredag. Dermed prata vi noko om fiskespa, som vi brukar å ha ein dag i jola, Jorunn meinte at det måtte vere kjøtspa. Eg fiskar ikkje aure i fjellvatn, men finn ein aure eller ein laks i frysedisken. Og så må vi ofte klare oss med lefserull frå butikken, vi har jo ikkje så lett tilgang til lefser i Mandal.

Slik rulla praten og gjekk og eg fekk høyre ei gammal plate med Einar Ekberg på sangønsket mitt: Långt bortom rymden vida, lengre enn stjerner rår, høgre enn soler skina, den barnlege bøna når.

Men så slutta dei av, og det synte seg at det bare var eg og Gyro som hadde vore på telefonen i kveld, så vi fekk kvart vårt flaxlodd.

No står det bare att å skrape når loddet kjem i posten, det likte Gyro, og det går greitt for meg også, særleg om det er premie etterpå.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *