To flotte artiklar

Share

I kveld vil eg syne til to flotte artiklar på Setesdalswiki.

Den første er artikkelen om sendinga i Valle Radio tysdagskvelden 2. joledag. Det var første gong med ei slik sending, og Siri Johannessen hadde sett saman eit program som var til ettertanke og glede. Ho hadde funne gamle opptak så vel som nye medverkande til å delta i opplesing. Programmet spegla joledagane på eitt vis med både glede og sakn. Og så hadde ho fått med nokre tekstar frå boka Eventyr frå Setesdal, smakebitar på gode lokale soger.

Den andre artikkelen gjorde Geir Daasvatn ferdig i dag slik at den har blå lenker på alle gardane i Bygland.  Geir har jobba seg systematisk gjennom alle 63 matrikkelnummera. Ikkje alle artiklane er like store, men dei kan byggjast ut etter kvart. Han har tidlegare gjort det same for Evje og Hornnes og for Valle, så no er det bare Bykle som treng tekst i nokre få røde lenker før Setesdalswiki har artiklar om alle matrikkelgardane i Setesdal.

Stor honnør til Siri og Geir for artiklane. Som illustrasjon tek eg med eit bilete frå Tveitå, ein av Byglandsgardane med ein fyldig artikkel.

Foto: Reidar Tveito

Budsjettmøte

Share

I kveld var det budsjettmøte i Valle kommunestyre. Det vart overført i Valle Radio frå klokka 18. Møtet varte til 20.10.

Hovudsaka i møtet var budsjett for neste år. Mange gode tiltak skulle inn, så her kom det tilleggsforslag frå salen. Til slutt vart vedtaket slik:

Innstilling frå formannskapet med tilleggsframlegg som fekk fleirtal i kommunestyret vert samrøystes
vedteke.
Vedtak:
 Ein økonomiplan i balanse med dei inntekter og utgifter som er ført opp i økonomisk
oversikt drift i vedlagt handlingsprogram og økonomiplan 2018 – 2021 og årsbudsjett
2018 (Øk.plan). Meirforbruket i 2019 – 2021 skal dekkast inn ved bruk av
disposisjonsfond.
 Tildeling av netto driftsramme pr eining i budsjettskjema 1B i vedlegg.
 Investeringsbudsjett i høve oppstilling i vedlegg, skjema 2A og 2B. Nye låneopptak til
investeringar på kr 15.035.400,- i 2018. Avdragstid på 20 år på låneopptak som elles skal
følgje §50 i kommunelova.
 Formidlingslån på 2 mill. kjem i tillegg og utlån følgjer retningslinene i Husbanken.
 Endring i avgifter og gebyr slik det går fram gebyrregulativ i vedlegget.
 Ved utskriving av formuesskatt og inntektsskatt for personlege skatteytarar og andre
skatteytarar skal det for 2018 nyttast maksimale skattesatsar slik desse vert fastsett i
Stortinget.
 Etter eigedomsskatteloven §§2 og 3 skal det skrivast ut eigedomsskatt bare på verk og
bruk innan kommunen sine grenser for 2018 med ein skattesats i høve §13 på 7 promille
av takstverdien. Det skal nyttast maksimale satsar. Eigedomsskatten skal så langt råd
skrivast ut før 1. mars 2018 og den er delt i fire terminar. Jfr.§25.
 Endre vedtektene for barnehage og SFO i høve betalingssatsar og opphaldstid.
 Utvikling i Brokkeomårdet: Auke løyvinga i frå 1,8 millionar i 2018 til 2,8 millionar ved å flytte
1 million i investering frå budsjett 2019. Gjenståande 3,2 millionar. Finansiering: endring av
låneopptak.
 Sponse elevane ved folkehøgskulen og vidaregåande med kr. 1000,- pr. elev totalt ca. 30 000,-
finansiert frå formannskapskonto. Brokke alpinsenter forpliktar seg til same beløpet.
 Valle kommune vedtek å søkje deltaking i vertskommunesamarbeidet om Lokalmedisinske
tenester (LMT) kor Evje og Hornnes kommune er vertskommune. Det setjast av 630 000 kr i
budsjett for 2018 for å dekke Valle kommune sin del av utgiftene.
Dekning:
100 000 kr frå ramma til velkomstsenteret (ansvar 3600)
200 000 kr frå ramma til økonomi (ansvar 3300-3310)
200 000 kr frå ramma til næring (ansvar 2200)
60 000 kr frå ramma til pleie og omsorg (ansvar 5600-5630)
70 000 kr som allereie er satt av i budsjett 2018 til tenestekjøp samhandlingskoordinator
 Rådmannen set i gong eit arbeid for å fullføre prosjektet om innsamling av stadnamn, søkje
statlege midlar og får det inn i budsjettet frå neste år slik at prosjektet vert fullført.
 Vidareføre frivilligsentralen i 2018 og sjå på dette i samanheng med det nye biblioteket.
 Trafikksikkerhetstiltak Harstad til skulen : Kr.160.000,- gatelys, fartsdempere (bør ein vurdere
stenging av gjennomgangstrafikk) Finansiering: Politisk leiing 120 000,- og økonomiavdelinga
40 000,-
 Parkeringsplass RV9, Gloppefossen: dekkas av næringsfondets ramme
 Oppstart og planlegging i arb.gruppe (Levekårsutvalet) oppgradering av Storstova: Kr.100.000.-
finansiering investeringsbudsjettet
 Sommerjobb for ungdom mellom 16-18 år bør også prioriterast.
 Kommunale avgifter innførast pr.mnd frå 1.1-2019. (nytt punkt i gebyregulativet)
 Utvida åpningstider i Barnehagane frå 0630-1630, ved behov. Dekkas innføre ramme oppvekst.
 Trafikksikringsplanen må rullerast i 2018.
 Leggast inn Kr.25.000,- fast tilskot til Valle Radio kvart år (naudsynt i høve beredskap) dekkast
innføre ramme kultur.
 Stipend for idrett/kultur kjem inn at som fast ordning, og vedtakast i Levekårutvalet.
Stipend vert utdelt 17. mai kvart år. Dekkast innafor tiltaksfondet.
 Kommunestyret vedtek at det utgreiast eit forprosjekt for klatrevegg i Vallehalli.
Rådmannen kjem attende med saka til handsaming i kommunestyret seinast hausten
2018. Levekårutvalet vert styringsgruppe og oppnemner arbeidsgruppe for tiltaket.
Finansiering kr. 30 000,- med bruk av disposisjonsfond.
 Formannskapet løyver av sin konto til musikkorpset dersom det er behov etter eigen
søknad kvart år.

Dobbelt opp

Share

Julegaver kan vere litt vanskeleg. Døtrene mine tenkte at Olav M. Holen sine bøker kunne vere bra jolegåve, det var jo greitt med bok 2 og 3 som kom ut i haust.

Men bokhandelen i Mandal hadde dei ikkje inne, så dei blei bestilte. I går pakka eg ut to like bøker. Dedt var jo kanskje ikkje slik dei hadde tenkt. Så no må også eg ut på byttehandel over helga.

Foto: Helge Haugland

Sending 23. desember

Share

Henta frå Facebooksida til Valle Radio:

Pga. regn og sterk vind blir arrangemanget flytta inn i  Meinigheitshuset.
HJARTELEG VELKOMNE!
17.00 Direktesending frå Valle sentrum, programleiarar Øyvind Jacob og Ørnulf Hasla.
-Ørnulf i samtale med Kim Rysstad.
-Øyvind Jacob i samtale med ein/ ei som kjem heim til jol
-Samtale med Kanika Kladklang,Bergtun -Elisabeth Spockeli, Esso- Valle sport -Kurt Heggertveit Lerbo-Valle Motell
-Nissen kjem
-Allsong: Eg er så glad kvar jolekveld ( på nynorsk)
-Trekking av Valle sentrums jolelotteri, hovedgevinsten som er IPhone 8 32 GB
18.15 Sendinga fortset frå studio i opptak
– Tankar frå Bibelen og jolehelsing, Torleif B Harstad, Bjørgulv T Berg og Håvard Viki med gjester
ca. 19.30 Sending frå studio i opptak med Britta Lise Homme og Ørnulf Hasla
– Småprat og musikk
– Samtale med Gunnbjørg Jore i Kamerun
– Samtale med Heloise Sverdup Lund i Australia
– Samtale med Gerd Laila Nygård Kåsa på Grand Canaria
-Jolehelsing frå ordførar Steinar Kyrvestad og avsluttning

Mykje folk og stemning i Meinigheitshuset under sending. Den heldige vinnaren av hovedgevinsten frå Valle Sentrumsforeining, iphone 8, 32 GB vart Kristoffer Åkre (her ved Ronny Åkre) GRATULERER!

Er det nokon som har lyst til å høyre opptak frå kveldens sending frå studio så har Jørund Georg Jore laga linker til opptaka:
-Tankar frå Bibelen og jolehelsing med Torleif B Harstad, Bjørgulv T Berg og Håvard Viki med gjester:
http://arkiv.valleradio.com/arkiv…/…/stream.2017-12-23.2.mp3
– Britta Lise Homme og Ørnulf Hasla i studio: http://arkiv.valleradio.com/arkiv…/…/stream.2017-12-23.3.mp3
– Samtale og jolehelsing frå Gunnbjørg Jore i Kamerun: http://arkiv.valleradio.com/arkiv…/…/stream.2017-12-23.4.mp3
-Samtale og jolehelsing frå Heloise Sverdrup Lund i Australia: http://arkiv.valleradio.com/arkiv…/…/stream.2017-12-23.5.mp3
-Samtale og jolehelsing frå Gerd Laila Nygård Kåsa på Grand Canaria: http://arkiv.valleradio.com/arkiv…/…/stream.2017-12-23.6.mp3
– Jolehelsing frå ordførar Steinar Kyrvestad og avsluttning : http://arkiv.valleradio.com/arkiv…/…/stream.2017-12-23.7.mp3

Juletid

Share

Eg kom til Setesdal i slutten av august 1991. Ikkje lenge etter at eg begynte i stillinga som avdelingsleiar for kyrkja i Valle, opplevde eg at Eilert Hægeland, Kirsten Bråten Berg og Hallvard T. Bjørgum øvde i Hylestad kyrkje til innspelinga av albumet Juletid. Øvinga var i Hylestad, men sjølve innspelinga skjedde i Veum kyrkje i Fyresdal.

Sidan har denne plata og musikken deira fylgd meg kvart år i førjulstida. Dåmen i musikken er unik, tre musikarar av premium class tolkar tonar frå Setesdal til tekstar frå Salmeboka.

Ein av dei finaste er Du vere lova Jesus Krist, som den heiter i Norsk salmebok 2013. Kirsten syng den på bokmål, Du være lovet, heiter den då.

I dag sytte eg for at det kom artikkel om sangen på bokmålswikipedia, den hadde alt artikkel på nynorsk, så det var i grunnen bare å omsette den til bokmål. Da lærte jeg at den har røtter tilbake til før-reformatorisk tid, men at Luther omsette den til tysk, Grundtvig til dansk i 1837, Landstad til norsk i 1855, Blix til nynorsk i 1875. Kirsten bruker ein folketone frå Setesdal, oppteikna av Knut Johnson Heddi. Medan den i Norsk salmebok 2013 har bare eitt vers, er det heile fem vers på Juletid-plata. Den ligg på Spotify, gå gjerne inn og høyr den om du har høve til det.

Kan hende kjem den også i Valle Radio i denne søte juletid.

Eventyr frå Setesdal

Share

I haust kom boka Eventyr frå Setesdal, for ei veke sidan var det bokmelding i Setesdølen, skriven av Bjarne Tveiten.

Eg tok kontakt med Bjarne og spurde om å få legge meldinga ut på Setesdalswiki, dermed vil folk som ikkje har Setesdølen også kunne sjå kva han har skrive.

Eit positivt svar med kopi av meldinga låg i eposten min i går, og dermed kunne eg legge den ut som ein full artikkel på Setesdalswiki. Det tykkjer eg er så positivt at eg legg ut lenka her, slik at du kan finne den og lese den.

Eventyr frå Setesdal er ei litterær gullgruve. Trykk på lenka her, så kjem du rett til artikkelen.

 

Vom Himmel hoch

Share
Frå wikimedia commons

I kveld avslutta Niklos K. Besteland Postludium med Toccata over Vom Himmel hoch av Garth Edmundson. Christopher Herrick spelte på orgelet i Hallgrimskyrkja i Reykjavik. Der står det eit Klais-orgel som folk gjerne høyrer på. Knut K. Homme, som var gjest hos Siri Johannessen tidlegare, fortalde at han også hadde vore der.

Melodien er til ein tysk jolesong laga av Martin Luther. Nynorsk Wikipedia omtalar den slik:

«Frå høge himmel kjem eg ned» (nynorsk) eller «Fra himlen høyt jeg kommer her» (bokmål) er det norske namnet på den tyske julesongen «Vom Himmel hoch da komm’ ich her», som vart skriven av Martin Luther i 1535 til tonen åt dansevisa «Ich kum aus fremden Landen her». Tonen vart seinare noko endra og fekk si noverande form på 1600-talet.

Magnus Brostrup Landstad omsette teksten til dansk i 1855, og bokmålsteksten ein finn i Norsk salmebok på nummer 36 er brigda frå denne. Elias Blix gjendikta Luthersalmen for Nokre Salmar, seinare vart han brigda noko, slik han står i Nynorsk salmebok på nr 88 (Frå høge himmel kjem eg her). Nynorskteksten på nummer 37 i Norsk salmebok er omsett av Christian Rynning og Per Lønning.

På bokmål Wikipedia får vi litt meir informasjon:

Originalteksten er en fri framstilling av Juleevangeliet Luk 2,8–18 i form av et krybbespill med fordelte roller. I de fem første versene henvender den forkynnende engelen seg til hyrdene, og dermed pars pro toto til alle troende. I de andre versene oppfordres hyrdene om å gå til krybba for å hylle den nyfødte frelseren.

Mange har brukt melodien som grunnlag for komposisjonar. Bach si koralfuge fekk vi også høyre i kveld, to stykke i svært ulik stil, altså.  Men ei flott avslutning på tysdagssendingane sitt Postludium-program før jol.

Innspurt

Share

I morgon er det siste tysdagssending før jul i Valle Radio. Onsdag er det kommunestyremøte.

Tysdag 19.desember
Ansvarleg og teknikar: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret med Asbjørn Kvalbein
18.15 Andakt og helsing frå biskop Stein Reinertsen
18.30 Sangtimen med Marja-Leena Steinbru
19.30 Siri sin time med m.a. Knut K. Homme
20.30 Postludium med Niklos K. Besteland
21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 20. deaember
Teknikar: Jørund Georg Jore
18.00 Møte i Valle kommunestyre

NETTRADIO via http://www.valleradio.com

P.S.Høyr gjerne på radioen 26. desember til vanleg tid óg…

Min innspurt er på både wikipedia og setesdalswiki. På wikipedia er eg med i ein konkurranse kalla Julenøtter, der skreiv eg i dag artikkel om ei dansk julesalme som eg har spelt i Valle Radio nokre gonger: Julen har bragt velsignet bud. Gå gjerne inn og les artikkelen no i innspurten.

Inspirasjon

Share

Fredag og lørdag skrev jeg et par innlegg her som var inspirert av å ha lest Chris Nyborgs masteroppgave Nye tider for gamle dager med undertittel – lokalhistorie i en digital verden. 

Jeg nevnte ikke masteroppgaven i fredagens post, men grunnen til at jeg satte opp den oversikten over artikler fordelt kommunevis, var at Nyborg hadde laget en slik sammenligning for Lokalhistoriewiki. Der ligger Heimar og folk i Bykle i digital utgave, noe som fører til at det er langt flere artikler om Bykle der enn om andre kommuner i Setesdal. Han har også satt opp tilsvarende tabeller for noen kommuner på Østlandet som har fått inn mye stoff på Lokalhistoriewiki på grunn av digitalisering av lokalt stoff.

Jeg kom til å snakke med Helge om dette i dag,han har jo det tekniske ansvaret for Setesdalswiki. Problemet var at kommunekategoriene har mange underkategorier, dermed får vi ikke et totalbilde uten å summere, og det er et omfattende regnestykke som jeg ikke hadde lyst til å sitte med, selv om det er mulig å bruke kalkulator.

Han fant en løsning og laget en kode som genererer alle sidene som ligger i den enkelte kommunekategori så vel som underkategorier. Da får vi en slike liste, som det nå ligger lenke til på forsiden av Setesdalswiki:

Bykle 656

Valle 1784

Bygland 1552

Evje og Hornnes 2265

Iveland 267

Åseral 171

Nyborgs masteroppgave er svært interessant. Jeg har ikke lest noe lignende tidligere. Setesdalswiki og Strindawiki er nevnt i oppgaven, men ikke tatt med som annet enn eksempel på nettsteder med lokalhistorie. I oppgaven er det også en liste med litteratur som jeg håper å finne annen nyttig inspirasjon til å videreutvikle Setesdalswiki. Med årene har utviklingen ført den mye lenger enn jeg så for meg i april 2009 da Setesdalswiki ble etablert for å hjelpe folk til å bli kjent med folk og firmaer som driver næring i Setesdal. Fredeles er det mye igjen å gjøre for å dekke det som var utgangspunktet, men inspirasjon fra mange kanter har gjort Setesdalswiki til noe ganske unikt på disse årene.

 

Lokalhistoriewiki

Share

«No ska’ eg ha breiband!» var det første hun sa da hun kom hjem til sønnen etter å ha sett Heimar og folk i Bykle på nett. I januar 2015 presenterte jeg resultatet av digitaliseringa av bygdeboka for kommunen lengst opp i Setesdal på et folkemøte.

Dagen etter var det kommunestyrets tur til å bli orientert om hva de hadde fått for pengene. Det var da jeg fikk vite at mora til en av kommunestyrerepresentantene hadde kommet hjem til ham etter folkemøtet, og sagt at nå ville hun endelig ha bredbånd i huset. Det hadde aldri vært noe behov for det tidligere, men nå lå bygda på nettet med alle hjem og folk. Jeg hadde tenkt at digitalisering var en fin måte å nå fram til et yngre publikum på, men vi hadde visst truffet blink hos et bredere publikum enn jeg trodde.

Dette skriver Chris Nyborg i sin Masteroppgave Nye tider for gamle dager. Han går gjennom flere bygdebøker som er digitalisert og lagt inn på Lokalhistoriewiki og fortsetter:

Digitaliseringa av Heimar og folk i Bykle førte til at det per august 2016 finnes 448 artikler i kategorien for Bykle kommune, mens de mer folkerike Setesdalskommunene Valle og Bygland hadde henholdsvis 48 og 38 artikler i sine kategorier.96 Her har altså Bykles investering i digitalisering av bygdeboka ført til en kraftig ubalanse i artikkelmassen.

I går skrev jeg om tallet på artikler om kommunene i Setesdal. Om du ser på kategoriene på Setesdalswiki, vil du se tallene jeg hadde med på bloggen i går. Men du vil også finne veldig mye mer. Så enn så lenge finner man mer stoff på Setesdalswiki enn på Lokalhistoriewiki, selv om stoffet jo er mer tilfeldig enn i en redigert bok.

Det skal bli interessant å se nærmere på noe av det Nyborg skriver om og se om jeg kan lære noe av det som kan brukes på Setesdalswiki.