Fredagssending

Share
Foto: Britta Lise Homme

Ettersom det var kommunestyremøte onsdagskvelden, høvde det greitt å ha fredagssending i kveld 1. desember. Valle Radio har ei ordning med å ha slik sending annankvar månad. Elles er det jo helst Radio Evje som har fredgssendingar.

Her er kveldens program:

Ansvarleg Øyvind Jacob
Teknikar Jørund Georg Jore
Telefonvakter Jorunn Helle og Solveig Rysstad
19.00 Tankar frå Bibelen med Torleif B Harstad
19.30 Regionrådet informerer med Signe Sollien Haugå
20.00 Øyvinds time.
Vi presenterer den nye plata frå Kim Rysstad saman med London Philharmonic Orchestra.
21.00 Opi sending med Øyvind Jacob og Hallvard Mosdøl 

Litt før klokka 23 slutta dei av og la ut dette på Facebook:

Vinnarane av rebusløysinga er:
Anne Lise Harstad, Lars A Sverdrup Liset,
Anja Mosdøl, Håvard Mosdøl og Henry Viki.
Gratulerer og takk for i kveld.