Kalender og jol

Share
Foto: Britta Lise Homme

I kveld var sendinga i Valle Radio prega av kalender og jol. Både Byklekalenderen og Vallekalenderen var omtalt, Else Gyro fortalde om Byklekalenderen og bibliotek-Lisbeth fortalde om Vallekalenderen. Siri kunne nok sjølv fortald om Byglandskalenderen, for ho har vore sterkt involvert i å lage den, men ho er ingen amerikanar og likar ikkje å snakke om ting ho sjølv er involvert i. Difor valde ho i staden å snakke med Sigrid Bjørgum om innsamling av klede til Ukraina, trur eg.

Musikken var prega av jol, ser eg på spelelista som ligg på Setesdalswiki. Sjølv hadde eg ikkje høve til å høyre kveldens program, så kveldens omtale er henta frå programmet i avisa og den meir fyldige versjonen Siri har lagt ut på Setesdalswiki. 

Tysdag 12. desember
Ansvarleg og teknikar: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret med Asbjørn Kvalbein
18.15 Over ein open Bibel med Marit Andersen (Norea)
18.30 Sangtimen med Per Govertsens noko joleprega country gospel time
19.30 Ein litt aktuell time med
*Sigrid Bjørgum om innsamlinga til Ukraina i Bykle og Valle.
*Lisbeth Dalquist Homme kjem med Vallekalenderen og noko om jol.
*Else Gyro Rysstad fortel om Byklekalenderen.
20.30 Postludium med Siri Johannessen og musikk rundt jol.
21.00 Kyrkjebakken

NETTRADIO via http://www.valleradio.com under sendinga.