Draumarnuten

Share

Draumarnuten er ein topp i Bygland, den vart artikkel nr. 88 600. Denne gongen brukte vil litt lenger tid på å nå eit nytt hundretal, så det spørs om ikkje det vart siste runding i 2017.

Det skreiv eg i går på Setesdalswiki sitt diskusjonsforum Såpekassen. I dag var Geir i humør til å skrive mykje frå morgonen av, så no er det kome 20 nye artiklar. Dei fleste handlar om datoar i 2018, men det kom også nokre andre artiklar ut av tastaturet hans i dag.

Sjølv har eg hatt ein dag utan skriving på Setesdalswiki. Andre gjeremål vart prioriterte. Så då får ein heller sjå om det vert noko i morgon.