Budsjettmøte

Share

I kveld var det budsjettmøte i Valle kommunestyre. Det vart overført i Valle Radio frå klokka 18. Møtet varte til 20.10.

Hovudsaka i møtet var budsjett for neste år. Mange gode tiltak skulle inn, så her kom det tilleggsforslag frå salen. Til slutt vart vedtaket slik:

Innstilling frå formannskapet med tilleggsframlegg som fekk fleirtal i kommunestyret vert samrøystes
vedteke.
Vedtak:
 Ein økonomiplan i balanse med dei inntekter og utgifter som er ført opp i økonomisk
oversikt drift i vedlagt handlingsprogram og økonomiplan 2018 – 2021 og årsbudsjett
2018 (Øk.plan). Meirforbruket i 2019 – 2021 skal dekkast inn ved bruk av
disposisjonsfond.
 Tildeling av netto driftsramme pr eining i budsjettskjema 1B i vedlegg.
 Investeringsbudsjett i høve oppstilling i vedlegg, skjema 2A og 2B. Nye låneopptak til
investeringar på kr 15.035.400,- i 2018. Avdragstid på 20 år på låneopptak som elles skal
følgje §50 i kommunelova.
 Formidlingslån på 2 mill. kjem i tillegg og utlån følgjer retningslinene i Husbanken.
 Endring i avgifter og gebyr slik det går fram gebyrregulativ i vedlegget.
 Ved utskriving av formuesskatt og inntektsskatt for personlege skatteytarar og andre
skatteytarar skal det for 2018 nyttast maksimale skattesatsar slik desse vert fastsett i
Stortinget.
 Etter eigedomsskatteloven §§2 og 3 skal det skrivast ut eigedomsskatt bare på verk og
bruk innan kommunen sine grenser for 2018 med ein skattesats i høve §13 på 7 promille
av takstverdien. Det skal nyttast maksimale satsar. Eigedomsskatten skal så langt råd
skrivast ut før 1. mars 2018 og den er delt i fire terminar. Jfr.§25.
 Endre vedtektene for barnehage og SFO i høve betalingssatsar og opphaldstid.
 Utvikling i Brokkeomårdet: Auke løyvinga i frå 1,8 millionar i 2018 til 2,8 millionar ved å flytte
1 million i investering frå budsjett 2019. Gjenståande 3,2 millionar. Finansiering: endring av
låneopptak.
 Sponse elevane ved folkehøgskulen og vidaregåande med kr. 1000,- pr. elev totalt ca. 30 000,-
finansiert frå formannskapskonto. Brokke alpinsenter forpliktar seg til same beløpet.
 Valle kommune vedtek å søkje deltaking i vertskommunesamarbeidet om Lokalmedisinske
tenester (LMT) kor Evje og Hornnes kommune er vertskommune. Det setjast av 630 000 kr i
budsjett for 2018 for å dekke Valle kommune sin del av utgiftene.
Dekning:
100 000 kr frå ramma til velkomstsenteret (ansvar 3600)
200 000 kr frå ramma til økonomi (ansvar 3300-3310)
200 000 kr frå ramma til næring (ansvar 2200)
60 000 kr frå ramma til pleie og omsorg (ansvar 5600-5630)
70 000 kr som allereie er satt av i budsjett 2018 til tenestekjøp samhandlingskoordinator
 Rådmannen set i gong eit arbeid for å fullføre prosjektet om innsamling av stadnamn, søkje
statlege midlar og får det inn i budsjettet frå neste år slik at prosjektet vert fullført.
 Vidareføre frivilligsentralen i 2018 og sjå på dette i samanheng med det nye biblioteket.
 Trafikksikkerhetstiltak Harstad til skulen : Kr.160.000,- gatelys, fartsdempere (bør ein vurdere
stenging av gjennomgangstrafikk) Finansiering: Politisk leiing 120 000,- og økonomiavdelinga
40 000,-
 Parkeringsplass RV9, Gloppefossen: dekkas av næringsfondets ramme
 Oppstart og planlegging i arb.gruppe (Levekårsutvalet) oppgradering av Storstova: Kr.100.000.-
finansiering investeringsbudsjettet
 Sommerjobb for ungdom mellom 16-18 år bør også prioriterast.
 Kommunale avgifter innførast pr.mnd frå 1.1-2019. (nytt punkt i gebyregulativet)
 Utvida åpningstider i Barnehagane frå 0630-1630, ved behov. Dekkas innføre ramme oppvekst.
 Trafikksikringsplanen må rullerast i 2018.
 Leggast inn Kr.25.000,- fast tilskot til Valle Radio kvart år (naudsynt i høve beredskap) dekkast
innføre ramme kultur.
 Stipend for idrett/kultur kjem inn at som fast ordning, og vedtakast i Levekårutvalet.
Stipend vert utdelt 17. mai kvart år. Dekkast innafor tiltaksfondet.
 Kommunestyret vedtek at det utgreiast eit forprosjekt for klatrevegg i Vallehalli.
Rådmannen kjem attende med saka til handsaming i kommunestyret seinast hausten
2018. Levekårutvalet vert styringsgruppe og oppnemner arbeidsgruppe for tiltaket.
Finansiering kr. 30 000,- med bruk av disposisjonsfond.
 Formannskapet løyver av sin konto til musikkorpset dersom det er behov etter eigen
søknad kvart år.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *