Improvisasjon

Share

I kveld skulle Liv Tanche-Larsen ha sendinga i Valle Radio, men det var ikkje noko program i avisa, så ein sjekk synte at ho ikkje var klar til det, så då overtok Siri Johannessen ansvaret for første delen av kvelden og fylte Siris time med aktuelt stoff. Steinar Kyrvestad var sett opp til å ha Kommunen informerer, men han dukka ikkje opp, så då måtte ho improvisere, noko som ordna seg då Jon Rolf Næss kunne stille opp på direkten og gje aktuell informasjon frå Setesdal Regionråd, som skal ha møte i morgon. Då var det sikkert godt å kunne gje stafettpinnen over til Jorunn og Kåre klokka 21.

Program onsdag 13.12.17
Ansvarleg Siri Johannessen
Teknikar Liv Gunn Viki
Telefonvakt Ingeborg Åkre Løyland
19.00 Tankar frå Bibelen med Håvard Viki
19.30 Regionrådet informerer med Jon Rolf Næss
20.00 Siris time
– Astrid Rysstad om Jolelag i Setesdal spelemannslag
– Oddvar Høgevoll om Country/gospel kveld
– Bjarne Tveiten om Eventyrboka
21.00 Opi sending med Jorunn Lund Harstad og Kåre Rike

Vinnarane av rebusløysinga vart:
Lasse Stray, Angerd Mosdøl og Kjellaug Rysstad. Gratulerer og takk for i kveld!

Foto: Britta Lise Homme

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *