Noko å fortelje

Share

Wenn jemand eine Reise tut, dann kann er was erzählen, heitte det i eit gamalt munnhell eg lærte i tysktimane for mange år sidan. Læraren vår var innfødd og banka regla inn i hovudet på oss, så den sit som spikra over 50 år seinare.

I kveldens sending i Valle Radio synte Sigurd Haugsgjerd at det stemmer, det tyskarane sa. Han var ein tur i Estland sist veke og fortalde frå turen. Han var saman med ei gruppe på 12 elevar frå Risøy folkehøyskole som var nedover med eit lass med mat og utstyr til ein barneheim utanfor Riga.

Han hadde med inntrykk tilbake frå eit land som er prega av å ha vore under Sovjetunionen, mellom anna ved at folk budde i blokker, mange blokker hadde så dårleg standard at det einaste vatnet som var i husværet, var i toalettet. Barneheimen var i ei gamal kyrkje, her tok dei vare på barn som hadde mista foreldra, gjerne på grunn av rus, etter det eg skjøna. Noko av hjelpa brukte dei sjølve, noko gav dei til folk som trong det. Ein av ungane fylgde etter Sigurd heile tida medan han var der, og hjelpesendinga med utstyr, mellom anna slikt som var kassert på Sørlandet Sykehus, kom vel til nytte. Dei hadde også samla inn pengar som skulle brukast til drifta av denne barneheimen.

Truleg kjem det noko i avisa om turen, kan hende til jul, om det høver slik, svarte han då programleiar Siri Johannessen spurde om det var aktuelt.

Dei snakka også litt om fleire grupper i Setesdal som driv slikt hjelpearbeid til land i Aust-Europa. LEGO Romania er på tur nedover med eit lass til jul. i februar skal det gå ein tur frå Bykle, KVS Bygland har sitt prosjekt og Sykler til Cuba er framleis i aktivitet. Det er råd å finne nokon ein kan gje til med ulik profil, og slike grasrot-aksjonar sikrar at det ein gjev kjem fram.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *