Stor auke

Share
Foto: Brit Obrestad

I dag runda Setesdalswiki 100.000 unike gjester i 2017. Det er ein stor auke frå 2016, då vi i løpet av heile året hadde vel 74.500 unike gjester.

Eg vonar jo at det betyr at nokon finn stoff av verdi, anten det gjeld aktuelle saker eller meir historisk stoff. I løpet av åra frå 2009 då vi starta, til no, har vi utvida både tema, profil og dekningsområde, så vi dekker Indre Agder, ikkje bare Setesdal. Sjølv likar eg godt at vi også har fått så mange fødselsdagar på plass og høve til å marker dei på framsida den aktuelle dagen. Det er med på å gjere nettstaden aktuell når ein i tillegg også har hendingar som skjer i bygdene vi dekker.

Og enno har vi det meste av desember att når vi skal samanlikne med fjoråret.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *