To flotte artiklar

Share

I kveld vil eg syne til to flotte artiklar på Setesdalswiki.

Den første er artikkelen om sendinga i Valle Radio tysdagskvelden 2. joledag. Det var første gong med ei slik sending, og Siri Johannessen hadde sett saman eit program som var til ettertanke og glede. Ho hadde funne gamle opptak så vel som nye medverkande til å delta i opplesing. Programmet spegla joledagane på eitt vis med både glede og sakn. Og så hadde ho fått med nokre tekstar frå boka Eventyr frå Setesdal, smakebitar på gode lokale soger.

Den andre artikkelen gjorde Geir Daasvatn ferdig i dag slik at den har blå lenker på alle gardane i Bygland.  Geir har jobba seg systematisk gjennom alle 63 matrikkelnummera. Ikkje alle artiklane er like store, men dei kan byggjast ut etter kvart. Han har tidlegare gjort det same for Evje og Hornnes og for Valle, så no er det bare Bykle som treng tekst i nokre få røde lenker før Setesdalswiki har artiklar om alle matrikkelgardane i Setesdal.

Stor honnør til Siri og Geir for artiklane. Som illustrasjon tek eg med eit bilete frå Tveitå, ein av Byglandsgardane med ein fyldig artikkel.

Foto: Reidar Tveito

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *