En annen blogg

Share

Mandag var jeg i Lyngdal og besøkte min søster. Vi kom til å snakke litt om bloggen min, at den er mest fokusert på Setesdal, selv om jeg nå bor i Mandal. Hodet er i Setesdal selv om kroppen er i Mandal.

Jeg sa da at bloggen ble startet for å skrive om programmer i Valle Radio, og det holder jeg jo på med fortsatt, selv om jeg ikke hører så mye på Valle Radio nå som tidligere. Selv om den byttet navn fra Valle Radios blogg til Blogg for Harald, er fokus fremdeles for det meste på programmer i Valle Radio.

I dag var det sagt at det skulle være kommunestyremøte i Valle, og det var det for så vidt også, selv om man ikke skulle vedta noe. Kommunestyret hadde drøfting av aktuelle saker på helsesektoren. Der har man jo hatt et samarbeid med Bykle en stund nå. Jeg hørte ikke på programmet, så det lar jeg ligge.

Men under praten i Lyngdal kom min søster til å nevne at hun av og til leste Trygve Omlands blogg. Han skriver blogg fra Lyngdal og sveiper over lokale så vel som andre emner.

Da jeg kom tilbake til Mandal, måtte jeg gå inn på den bloggen og lese litt der, og det var mye interessant å lese. De siste dagene har han skrevet om Per Fugelli, men han har også tekster om Lyngdal helsehus, kirka i Seefeld, Mjølking før i tida og Edvard Hoems bok Liv andre har levd, for å nevne noen av de siste.

Så i kveld vil jeg anbefale deg som leser min blogg å ta turen innom Trygve Omlands blogg, kanskje du finner noe interessant å ta med deg derfra, du også. http://trom.blogg.no/

 

Indremisjonsforbundet

Share

Indremisjonsforbundet, det som vi ofte kalla Vestlandske, har ein krins som strekkjer seg frå vest i Agder til Birkeland og tek med dalstroka innanfor. I kveld hadde Siri med seg Edvard Foss i sendinga i Valle Radio. Han er predikant i organisasjonen og har vore med der sidan 1981. Då kom han heim frå militærteneste, sjølv sa han at han ikkje var brukande der, og så vart han spurd om å vere barne- og ungdomsarbeidar. Sidan har han vore 14 år som lærar på Bildøy Bibelskule, men no er han attende som arbeidar i Sørlandets indremisjonskrets..

Som reisande predikant er han også oppover i Setesdal. Kvart år er han også med på Bibel- og naturcamp på KVS Bygland, der han også har møter for elevane i skuleåret.

Men Edvard Foss er ein mangesyslar og glad i gamle ting, så han står også for bruktbutikkane som organisasjonen har på Vigeland og på Kvinlog. I tillegg held dei ein del loppemarknader, til saman får dei inn ein million årleg til IMF, som altså ikkje betyr International Money Foundation, men er forkortinga Indremisjonsforbundet nyttar, det er jo langt å seie heile namnet kvar gong.

I tillegg har organisasjonen leirstadene Audnastrand og Kvinatun. Der er det mange ulike arrangement for målgrupper frå små barn til pensjonistar, så predikantane i organisasjonen har mange oppgåver.

Edvard Foss såg tilbake på tenesta som bibelskulelærar med særleg glede. Til slutt i samtalen kom dei inn på at å vere forkynnar er eit kall. Kallet kan kjennast både som lyst til å gjere arbeidet, og så at nokon stadfestar ved å spørje om du vil gjere det.

Ein interessant halvtime vart avslutta med Odd Dubland og dottera som song Jeg vet min gjenløser lever, Edvard Foss var særleg glad i duettsang mellom Odd Dubland og Oddrun Helen Dubland

Sist ut

Share

Dei to siste dagane av januar 2018 står att. Begge desse dagane er det sending i Valle Radio. I den aktuelle timen til Siri Johannessen tysdagskvelden har ho med seg Jostein Sæth frå Norea og Edvard Foss frå Indremisjonsforbundet. Tematikken er kristenlivsaktuelle saker.

Onsdag er det kommuenstyremøte i Valle. Etter møtet skal det vere temamøte om helsepolitikk. Om også det blir overført, er eg ikkje sikker på. Det finn du ut når sendinga går.

Tysdag 30. januar
Ansvarleg og teknikar: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret med Asbjørn Kvalbein
18.15 Over ein open Bibel frå Norea
18.30 Sangtimen
19.30 Aktuell time med Jostein Sæth frå Norea og Edvard Foss frå IMF på telefonen
20.30 Postludium
21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 31. januar
18.00 Kommunestyremøte i Valle kommune
Teknikar: Jørund Georg Jore

NETTRADIO via http://www.valleradio.com

Datoartiklar

Share

Då vi innførte datoartiklar på Setesdalswiki, vart nettstaden plutseleg utvida med over 75.000 artiklar. Alle datoane frå 1. januar 1800 kom inn i leksikonet. Det endra sjølvsagt ikkje bare mengden artiklar, men også måten leksikonet kunne brukast på. No blir det registrert små og store hendingar på dei aktuelle datoane i tillegg til fødselsdagar og dødsdagar. Årleg gjev det 365 nye artiklar, og medan vi den første tida etterpå oppretta nye datoartiklar bare ei veke framover, er det no ikkje slik begrensning. Når avisa eller andre skriv om noko som skal skje i framtida, hamnar det ofte i ein datoartikkel på Setesdalswiki. Målet er jo å spegle hendingar i Setesdal særleg, men også i dei indre bygder.

Den siste veka fekk vi hendingar inn i datoartiklane for aprildagane 1940, så det er ikkje bare aktuelle hendingar som kan registrerast. Om mange historieinteresserte hadde vore med i dugnaden, kunne vi nok fått endå meir slikt stoff inn, men det får kome etter kvart.

Datoartikkelen for 26. mai 2018 kom i dag og blei artikkel nr. 88 800. Klikk på lenka, så ser du kva som hender den dagen.

Med fasttelefon

Share

I går skreiv eg om at vi var utan fasttelefon og at kontakt med telefonselskapet ikkje førte til at vi fekk forbindelse, men at han råda oss til å kjøpe ny telefon, for truleg var feilen i telefonen og ikkje i systemet utanfor.

Han hadde tydelegvis ei oppskrift, så vi var nok ikkje dei første som hadde vore i kontakt med han om problemet. Den kom i fire punkt, kopiert og limt inn då vi chatta med han.

I dag tok Reidun ein ny gjennomgang av desse punkta for verkeleg å kontrollere ein gong til.

-Prøv å ringe fasttelefonen no sa ho etter å ha gjennomført prosedyren steg for steg.

Eg slo nummeret og sanneleg – der ringte telefonen. Ho tok han og prøvde å ringe ut, det fungerte også. Så dermed kan vi igjen nåast via fasttelefon. Nummeret er 382 68534, same nummer som alltid har vore her i huset.

Hurra for Reidun!!!

Utan fasttelefon

Share

I desse dagar kvittar folk seg med fasttelefonen, men vi har no likevel halde på den. Etter at vi fekk breidband, la vi telefonen også over breidband, det er vel ikkje heilt godt når Internett fell ut, men elles har det no fungert rimeleg greitt til det siste.

Men for ei tid tilbake oppdaga vi at folk som hadde ringt til oss på fasttelefonen, ikkje kom inn. Det kom ikkje signal inn, men vi hadde summetone og kunne ringe ut.

I dag tok eg meg på tak og gjekk inn for å chatte med leverandøren og møtte ein flink Malvin som hadde svar på det meste. Likevel måtte han gje opp, etter at han hadde feilsøkt alt han kunne alle stader hos seg, enda han opp med at det mest truleg måtte vere telefonen vår som ikkje fungerte. I prosessen med å prøve å resette systemet, ser det ut til at vi også har mista summetonen. Så no er det vel bare å investere i nytt apperat. Vi vil helst ha med høgtalar, då kan begge snakke med barnebarn som ringer oss eller når vi ringer dei.

Men så er spørsmålet om det er verd det eller om vi skal gjere som dei fleste, gå over til å bare ha mobiltelefon. Det vil eg sove på i natt.

HovdenTour

Share

HovdenTour var løysinga på ein av rebusane i Valle Radio si onsdagssending i kveld. Jorunn og Kåre satsa på at folk ringde inn, og det verka slik, for då eg prøvde, måtte eg vente i kø, og før eg kom gjennom, var sangen slutt og Gudrun Sagneskar oppringt. Ho hadde gått HovdenTour to gonger, men hadde ikkje tenkt å gå i år.

I tillegg til rebusar hadde programleiarane setningar der geografinamn var gøymt, og Gudrun løyste Larvik like lett som eg hadde planar om å gjere det.

Sjølv sette eg ikkje på radioen før etter at Linda Eide var ferdig med språksjovet sitt på NRK1 i kveld, for ein språkinteressert person er det moro å få med seg. Difor høyrde eg ikkje Øyvind Jacob sitt program tidlegare på kvelden:

Program onsdag 24.01.18
Ansvarleg Øyvind Jacob
Teknikar Liv Gunn Viki
Telefonvakt Ingeborg Åkre Løyland
19.00 Tankar frå Bibelen med Torfinn Brokke
19.30 Kommunen informerer med GunnMarith Malla Homme
20.00 Øyvinds time
– Besøk i studio av Kurt Lerbo som no driftar VALLE MOTELL
– Siste halvtime skal vi få høyre om Aktive Fredsreiser
21.00 Opi sending med Jorunn Lund Harstad og Kåre Rike
(bilete: K.Lerbo og Ø.Jacob) 

Vinnarane vart Gyro Kopperud fekk gåvekort på 500 kr. frå Joker Valle og Torhild Lunden vann dei to neste premiane, som var Flax-lodd.

Foto: Britta Lise Homme

 

 

Hovdenrevyen

Share

I kveldens Aktuelle time hadde Siri Johannessen funne plass til ein prat med instruktøren for Hovdenrevyen. Det er premiere til fredag i Hovden grendehus, og Bjøro Hildebrandt frå Vennesla hadde litt av kvart å fortelje om revy og slikt, men lite om årets revy.

Det er andre året han er instruktør for Hovdenrevyen, venndølen som er utdanna operasongar og skodespelar og som underviser 40 prosent stilling på Vågsbygd vidaregåande skule (måndag og tysdag) og som elles er frilanser. Han kalla seg barytontenor og lo litt av omgrepet, eg trur han meinte at han ikkje lenger klarar dei høge tonane like godt som då han tok utdanninga si.

Vervet som instruktør for Hovdenrevyen medfører samarbeid med skrivegruppa i ein tidleg fase av planlegginga. Når så øvingane startar, går det i eitt frå fredag til fredag. Men han står ikkje sjølv på scenen, når teppet går opp, er han ferdig med jobben sin.

I år vart premieren utsett, framsyningane skulle vore i haust, men på grunn av ei bilulukke der ein av skodespelarane vart skada, venta ein til nyåret denne gongen.

Årets revy fekk vi ikkje vite så mykje om. Tittelen er Eit bygdefenomen med vide fullmakter. På plakate ser vi eit bord, det ser ut som eit kommunestyrebord, så i samtalen kom det fram at revyen også har eit skråblikk på styre og stell i kommunane i Setesdal. Den som møter opp, får sjå og får seg sikkert ei latterkule eller to.

Break a leg!

Tysdagsprogram 23. januar 2018

Share

I morgon har Siri Johannessen dette programmet:

Tysdag 23. januar
Ansvarleg og teknikar: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret med Asbjørn Kvalbein
18.15 Over ein open Bibel frå Norea
18.30 På sangens vinger med Knut Sinkerud
19.30 Aktuell time
* Setesdalsstrikk på Revsnes – Signe Sollien Haugå
* Bygdekvinnelag og bøker i Valle – Sissel Åkre
20.30 Postludium med Niklos K. Besteland

Musikk frå gotikk til renessanse

  1. Giovanni Pierluigi da Palestrina (1525-1594): Sicus Cervus desiderat. Motett over Salme 42. Domkirkens motettkor Stavanger, dirigent Lars Mæland
  2. Tomaás Luís de Victoria (1548-1611): Agnus Dei. Koret i Westminster Cathedral, dirigent David Hill
  3. Jan Pieterzoon Sweelinck (1562-1621) Ab oriente venerunt magi. NCRV Vocaal Ensemble, dirigent Marinus Voorberg, dirigent Gustav Leonhardt
  4. Henry Purcell (1659-1695): Two Trumpet Tunes and Air i D-dur, arr, Henry G. Lee. Noel Rawsthorne på orgelet i Liverpool Cathedral

21.00 Kyrkjebakken

NETTRADIO via http://www.valleradio.com

Forslag til artiklar

Share

Setesdalswiki har no 88767 artiklar. Mangt og mykje er dekka av stoff frå dei indre bygder i Agder. Mange røde lenker gjer at det er nok å skrive om for alle som vil vere med.

Men av og til er det kan hende ein lesar som saknar noko og som gjerne skulle ønske å melde frå om det til aktive skribentar. Då kan de jo nytte denne sida på Facebook og skrive inn kva de saknar, så kan vi i alle fall sjå om vi kan lage ein artikkel om temaet.

Setesdalswiki har ikkje vore særleg aktiv i sosiale medier. Vi har denne facebooksida, og Geir har vore flink til å legge ut aktuell info. Sjølv har eg stort sett late blogginnlegga vere mine bidrag.

Men truleg burde vi prøve å bruke sida aktivt til å fortelje om nye artiklar og andre relevante ting også. Du som les dette, kan også hjelpe til å gjere sida på facebook meir aktiv, slik at ho ikkje druknar i straumen av meldingar som kjem i feeden din.

No skal visst facebook rangere sider etter kor truverdige lesarar finn at dei er, og om du får spørmål om kor truverdig du meiner setesdalwiki er, kan du jo gje tilbakemelding om at du finn sida relevant og truverdig.

Så får vi sjå korleis utviklinga blir av ei slik side i tida som kjem. Ståle LIndblad skreiv noko om slik rangering i eit blogginnlegg i dag. Han kalla det Power to the People. Du kan klikke på lenka og lese det om du vil vite meir om planane til facebook. Ståle var på Setesdalskonferansen for nokre år sidan, og eg har fulgt det han les etter det, han har alltid nyttige tankar å kome med. Eg låner bildet frå meldinga hans i kveld.